Vinduet jubilerer!

Tidsskriftets 75. årgang vert markert med eit spesialnummer  – som òg er siste utgåve på papir.

Vinduets jubileumsnummer er i butikk 3. juni. Tilgjengeleg i gode Narvesenutsal og bokhandlarar over heile landet.

Hausten 1947 vart fyrste utgåve av Vinduet, Gyldendals tidsskrift for litteratur, sendt ut i den norske offentlegheita. «Vil vil være et vindu mot verden», skreiv redaktør Nic Stang i si innleiande helsing. «Det betyr ikke at at vi vil glemme å beskikke vårt eget hus, sette tingene på plass i våre egne stuer og lufte grundig ut når det trengs.»

3. juni i år vert Vinduets siste papirutgåve sendt ut til abonnentar, bladkioskar, bokhandlarar og bibliotek over det ganske land. Nummeret markerer tidsskriftets 75. årgang, og såleis er det naturleg at huset det no vert lufta ut av er Vinduets eige. Ei rekke tekstar i dette dobbeltnummeret gjer nedslag i Vinduets eigen historie – det vere seg i form av ein serie nærlesingar av einskildnummer frå fleire redaktørperiodar, eller tematiske djupdykk som ser på historias lange linjer. Tonje Vold les Vinduet i eit postkolonialt perspektiv, og drøftar kor ope det eigentleg har vore mot verda opp gjennom årgangane. Martin Lundell ser på bladets visuelle historie og korleis utforminga av papirproduktet har vore svært ymse prioritert til ulike tider. Sissel Furuseth drøftar Vinduets plass i Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle – og fire tidlegare Vinduet-redaktørar møtest til samtale om deira tid på Sehesteds plass, og ikkje minst om litteraturkritikkens plass i offentlegheita.

Heilt oppslukt i eigen historie er tidsskriftet likevel ikkje, jubileum til trass. På kva måte digital teknologi og endringar i folks lesevanar påverkar sam- og framtidas litterære produksjon går som ein raud tråd gjennom fleire av utgåvas tekstar. Til dømes kjem Tor Eystein Øverås med nokre synspunkt på den norske romanens utvikling i strømmeteknologiens hundreår, og Kari Spjældnes drøftar den digitale lesingars gleder og utfordringar. Ola Morris Innset vurderer konsekvensane av Amazons moglege inntog i den norske bokmarknaden, og Audun Lindholm og Jørn H. Sværen kastar seg ut i ein vidtfemnande samtale om ståa for småforlag og tidsskrift i Skandinavia.

I ei forlenging av dette teknologiorienterte perspektivet, får også ektefødde digitale sjangrar sitt, i tekstar om alt frå narrative strategiar i dataspel til fanfiksjon, instagrampoesi og lydbøker. Trude Marstein, Johan Harstad, Haukur Ingvarsson og Frøydis Solli Simonsen står på si side for meir tradisjonelle – men ikkje desto mindre givande – skjønnlitterære bidrag.

Sist, men ikkje minst, er ein sjølvskriven del av Vinduets – og papirtidsskriftets – historie godt representert, nemleg skribentents right to roam, eller litterære allemannsrett på godt norsk. I ein nyskriven tekst skriv den britiske forfattaren Max Porter om kvifor han elskar norske folkeeventyr, medan Sarah Smith Ogunbona reflekterer kring språkleg fordobling med utgangspunkt i Agota Kristofs tvillingtrilogi og Carina Elisabeth Beddari drøftar lesingar av Nils Aslak Valkeapääs poesi. Ole Øyvind Sand Holth skriv om å vere pandemistranda i Tunis, Nikolai M. Kleivan om Internett som eit fysisk format og Kåre Bulie om kioskens rike – men forsvinnande – litterære univers.

For å markere det ekstraordinære ved utgåva, er formatet endra frå noverande redaktørs Maria Horveis tidlegare årgangar, sjølv om det framleis er Erland G. Banggren som står for designet. Den visuelle utforminga av jubileumsnummeret hentar inspirasjon frå, og inneheld fleire formmessige nikk til, tidlegare årgangars design og sideoppsett – der det mest iaugefallande nok er at vinduet endeleg er tilbake på Vinduets framside.

Frå og med hausten 2021 går Vinduet over til å vere eit heildigitalt tidsskrift med Simen V. Gonsholt og Ola M. Innset som redaktørar. Fram til då: God lesing!

Innhald, nr. 1+2/2021:

Leiar
«Ei tid for alt»

Essay
Nikolai M. Kleivan om det ikkje-eksisterande trådlause internett

Essay
Tonje Vold med eit postkolonialistisk skråblikk på Vinduets historie

Essay
Audun Vinger om Vold & Angells USA-nummer (1974)

Essay
Kåre Bulie om kioskens forsvinnande gleder

Essay
Sissel Furuseth om Vinduet i den digitale bokhylla

Essay
Janneken Øverland om Faldbakkens kvinnenummer (1975)

Samtale
Fire tidlegare Vinduet-redaktørar om det som var, det som er og det som kjem

Dikt
«Blindpassasjerar» av Haukur Ingvarsson

Essay
Eirik Vassenden om Jan Kjærstad og postmodernismen

Essay
Max Porter om kvifor han elskar norske folkeeventyr

Essay
Tor Eystein Øverås om den norske romanen i strømmeteknologiens hundreår

Essay
Carina E. Beddari om Nils-Aslak Valkeapääs dikting

Essay
Martin Lundell om Vinduets visuelle historie

Essay
Maria Horvei om debutantnummeret frå 1992

Skjønnlitteratur
«Slik ikke alt blir gjengjeldt» av Frøydis Solli Simonsen

Samtale
Audun Lindholm og Jørn H. Sværen plukkar opp tråden om tidsskrift og småforlag

Skjønnlitterært
Utdrag frå ein komande roman av Trude Marstein

Essay
Kari J. Spjeldnæs om (den digitale) lesingas utfordringar

Intervju
Iben Have om lydbokrevolusjonen

Essay
Joakim Johansen Østby om dataspel og interaktiv historieforteljing

Essay
Jenny Moi Vindegg stig ned i Dungeons & Dragons

Skjønnlitteratur
«Ship ohoi, kolleger! Fremad med sang!» av Johan Harstad

Intervju
Camilla Holm om korleis me kan forstå instagrampoesi

Essay
Marianne Gunderson om internettets eigen verkelegheitslitteratur

Essay
Simen V. Gonsholt om Frobenius et al.s «Systemet»-nummer (2001)

Essay
Ola Innset om kvifor me skal frykte Amazon

Essay
Anne Hilde Neset om Vingers Vinduet nr. 4/2011

Essay
Sarah Smith Ogunbona ser på omsetjingas fordoblande kraft

Essay
Arne Borge om Mollerins «Den store krigen»-nummer (2014)

Reiseskildring
Ole Øyvind Sand Holth er stranda i Tunis