Vinduet 4/2018 i butikk!

Årets siste utgåve av Vinduet går fortida, samtida og framtida etter i saumane.

Ei rekke av tekstane i bladet, som er å finne i bladhyllene frå 13. desember*, tek for seg dystopiske versjonar av framtida. Aldous Huxleys Fagre nye verden viser seg å vere urovekkande relevant for dagens distraksjonsvelde, som Johanne Fronth-Nygren skriv, medan Eivind Buene finn frampeik om informasjonssamfunnets utfordringar hjå David Foster Wallace. Eit fyldig intervju med egyptiske Basma Abdel Aziz gjev eit gløtt inn i arabisk litteratur etter den arabiske våren, som ikkje minst er prega av framtidsvisjonar av det mindre optimistiske slaget. Meldingsseksjonen inneheld på si side meldingar av meir eller mindre dystopiske skrifter av Mads Rage, Andrzej Tichý, Kaspar Colling Nielsen – og Steffen Kverneland.

Frå samtida kjem det også rapportar frå ein heilaftan med instagampoeten Rupi Kaur, om haustens feministantologiar, om konspirasjonsmaskineriet Qanon – og ikkje minst er fire norske forfattarar samla til ein samtale om norsk litteratur i dag. Rune Christiansen, Anne Oterholm, Anna Kleiva og Ruth Lillegraven gjer med dette ein slags reprise av ein liknande samtale Vinduet arrangerte i 1968, den gong med Dag Solstad som ein av deltakarane. Og nettopp Solstad vert i dagens Vinduet intervjua av Kaja Schjerven Mollerin, mellom anna om seg sjølv anno 1968. Eldrid Lunden, som debuterte nettopp i 1968 og i år markerer femti år som forfattar, er òg intervjua. Ho snakkar med Mariann Enge om nærværet i poesien, forfattargjerninga og si nye diktsamling.

Elles bidreg Cecilie Løveid med ei nyskriven ekfrase, Eiler Fleischer med eit essay om Karl Ove Knausgård og Carline Tromp med ei tekst om W. F. Hermans dystre påverknad på eit ungt sinn. Bilete-seksjon med Kenneth Varpe.

Framsidefoto: Eldrid Lunden fotografert av Ivar Kvaal.

*Ein svikt hjå i ein underleverandør gjer at utgåva vil vere forseinka til Narvesen, der ho fyrst dukkar opp 20. desember, men ho vil vere tilgjengeleg i bokhandlarar over heile landet veka før.

Full innhaldsoversikt:

Leiar
«Mørketid»

Intervju
Eldrid Lunden i samtale med Mariann Enge

Reportasje
«Kaur-komplekset»: Vilde Sagstad Imeland om Rupi Kaur og instagrampoesien.

Intervju
Basma Abdel Aziz i samtale med Torbjørn Tumyr Nilsen

Romanutdrag
«Køen» av Basma Abdel Aziz

Bilete
Kenneth Varpe

Bokessay
«Velkommen til det sadistiske universet»: Carline Tromp om W.F. Hermans’ Nooir meer slapen.

Samtale
Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Rune Christiansen og Anne Oterholm om norsk litteratur i dag

Intervju
Dag Solstad i samtale med Kaja Schjerven Mollerin

Essay
«Fagre nye sirkus»: Johanne Fronth-Nygren om Aldous Huxley og dystopien som vart verkeleg.

Bokessay
«Alkymisten»: Kim Klev om Michael Pollans How to Change Your Mind.

Essay
«Kjedsomhetens apostel»: Eivind Buene om David Foster Wallace og informasjonssamfunnet.

Essay
«Døden er det siste store utenfor»: Eiler Nils Fleischer om Karl Ove Knausgård og døden.

Essay
«Den store oppvåkningen»: Eirik Traavik om konspirasjonskomplekset Qanon.

Essay
«Å løfte pekefingeren for saken»: Carina Elisabeth Beddari om årets feministiske antologiar.

Ekfrase
«Familien Hjorth / En lindringssang»: Cecilie Løveid om eit verk av Sverre Koren Bjertnæs og Bjarne Melgaard.

Meldingar
Elise Winterthun om Kaspar Colling Nielsen
Karoline Henanger om Mads Rage
Ingrid Flognfeldt Brubaker om Steffen Kverneland
Eline Kittelsen om Andrzej Tichý

Jubileet
Jenny Moi Vindegg om Mary Shelleys Frankenstein