Vinduet 3/2020 ute no!

Representasjon i bokbransjen, nyskriven lyrikk og kritikerseminar om krigen.

Korleis skal me lese Jens Bjørneboe i dag? Ville han vorte kansellert, hadde me trengt han i dagens litterære og politiske offentlegheit? Det er blant spørsmåla Aslak Sira Myhre, Geir Gulliksen og Kjersti Bale drøftar i ein stor samtale i haustens utgåve av Vinduet, som mellom anna markerer 100-årsjubileet til forfattaren. 

I lys av den store antirasistiske rørsla som har prega året så langt, ser Vinduet på kva veg som framleis gjenstår før Litteratur-Noreg speglar heile Noreg, og snakkar med den danske forfattaren Jonas Eika om politisk motstand, litterære dystopiar og utopiske impulsar.

Elles kastar koronapandemiens  naturleg nok skugge over fleire av tekstane, slik som Vilde Sagstad Imelands essay om ein spesiell busstur over svenskegrensa i mars, og Anna Kleiva si kortreiste reiseskildring frå Gudbrandsdalen.

Som alltid vert det dykka ekstra djupt ned i nokre utvalde forfattarskap, denne gongen i form av Eirik Lodéns grundige intervju med 70-årsjubilanten Karin Haugane, Audun Vingers essay om 81-årsjubilanten Tor Åge Bringsværd og Sindre Andersens drøfting av Caroline Kaspara Palonens forfattarskap.

I eit sterkt heat av nyrskriven lyrikk, presenterer denne utgåva Melanie Kittis oppvekstskildrande «Mamma er halvt urne og halvt gral», Cecilie Løveids hyllest til Y-blokka (og Olaf Bull) og Solveig Mette Tjeltveits fabelaktige, viltveksande flora i fire blomar. Mickael Marman bidreg på si side med biletserien «Man and Sea»

Vinduet er òg stolte over å vere vertskap for det tradisjonsrike kritikerseminaret, som vanlegvis går av stabelen under Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Seksjonen er eit samarbeid med Kritikerlaget, har temaet «Kampen om krigen» og inneheld tekstar av Mari Jonassen, Eivind Myklebust, Ingunn Lunde, Kjartan Fløgstad, Tom Lotherington, Tore Rem og Jon Rognlien.

I den utvida meldingsseksjonen les Marius Emanuelsen Karl Ove Knausgård, Live Lundh les Karin Haugen, Maria Lokna les Kjersti Annesdatter Skomsvold, Torgeir Holljen Thon les Zeshan Shakar, Marianne Gunderson les Sarah Smith Ogunbona og Sumaya Jirde Ali les Marius Midré.

Illustrasjon i toppen av sak: Robin Danielsson

Innhald nr. 3/2020 

Leiar, s. 7 
«Faen ta politiet» 

Reportasje
«Et system så hvitt at man blendes?» Om mangfald i norsk bokbransje. 

Intervju
Jonas Eika i samtale med Maria Horvei. 

Samtale
Aslak Sira Myhre, Geir Gulliksen og Kjersti Bale om å lese Jens Bjørneboe på nytt.  

Bilete 
«Man and Sea» av Mickael Marman. 

Dikt 
«Mamma er halvt urne og halvt gral» av Melanie Kitti. 

Intervju
Karin Haugane i samtale med Eirik Loden. 

Essay
Sindre Andersen om Caroline Kaspara Palonens forfattarskap.  

Essay
«Fantasifosteret», av Vilde Sagstad Imeland. 

Essay
Audun Vinger om 81-års-jubilanten Tor Åge Bringsværd. 

Samtale
Bjørn Hatterud og Per Koren Solvang om Thorvald Steen.

Dikt
«Myk metope: Dikt stjålet og fragmentert etter Olaf Bull», av Cecilie Løveid. 

Reiseskildring
Anna Kleiva på reise gjennom Gudbrandsdalens prydhagar. 

Dikt 
«Drop down, fall ned, i blom», av Solveig Mette Tjeltveit.  

Temabolk
Kampen om krigen: Kritikerseminar 2020 
Mari Jonassen om kvinnehistoria om andre verdskrigen. 
Eivind Myklebust med fotnotar til Cèlines krigstrilogi. 
Ingunn Lunde om andre verdskrigen i russisk litteratur.  
Kjartan Fløgstad om kvifor han er så oppteken av krigen.  
Tom Lotherington om Æresrettens nødvendigheit.  
Tore Rem om Æresretten, orsakingas forhistorie og kritikkens ansvar.  
Jon Rognlien om André Bjerkes gjendikting av Fenrik Stål.  

Meldingar
Marius Emanuelsen om Karl Ove Knausgård. 
Torgeir Holljen Thon om Zeshan Shakar. 
Live Lundh om Karin Haugen. 
Marianne Gunderson om Sarah Smith Ogunbona. 
Maria Lokna om Kjersti Annesdatter Skomsvold.  
Sumaya Jirde Ali om Markus Midré. 
Jenny Moi Vindegg om Bendik Vada.  

Jubileet  
Kaja Schjerven Mollerin om Jens Bjørneboe.