W.B. Yeats! Rocky! Camilla Collett! Joan Didion! Russisk revolusjon! Årets tredje utgåve av Vinduet er ute 11. oktober.
51 år etter at han sjølv debuterte som forfattar i dette tidsskriftet, er Torstein Bugge Høverstad tilbake på Vinduets sider – og det med den første større gjendiktinga av W.B. Yeats til norsk nokon gong, i følgje med eit essay om mannen og diktinga.
Utgåva inneheld vidare ei drøfting av Camilla Collett og Emilie Diriks sitt til no lite omtalte tidsskrift Forloren Skildpadde, ført i pennen av Nina Schjønsby. Jan Grue skriv om Joan Didion sine politiske essay, Hanna Dahl intervjuer Trude Marstein og Rocky–omsettar Dag F. Gravem skriv om sine tjue år i den svenske teikneseriehundens teneste. For ikkje å gløyme Hilde Rød-Larsen sin tekst om Elizabeth Strout, Tora Lane sin tekst den russiske revolusjonen og eit utdrag frå Tiril Broch Aakre si komande bok.
Og det stoppar ikkje der: Rachel Cusk, Jenny Offill, Maggie Nelson og Sarah Manguso har svart på spørsmål om å skrive om å få barn, Joakim Kjørsvik har skrive ein ekfrase, Sandra Vaka Olsen bidreg med ein biletserie og Vilde Sagstad Imeland med ei jubileumshelsing til Den lille prinsen. Og meldingar, så klart – av dei siste bøkene til Rachel Kushner, Richard Brautigan, Helle Helle og Amalie Kasin Lerstang.
Full innhaldsoversikt:
Intervju: Hanna Dahl i samtale med Trude Marstein
Essay: «Gi meg alt hva du kan; eg skal ordne det». Nina Schjønsby om Forloren Skildpadde.
Kåseri: «Et Selskab!» Utdrag frå Forloren Skildpadde, av Emilie Diriks.
Essay: «Grand guignol i Washington D.C.». Jan Grue om Joan Didions Political Fictions.
Bilete: Sandra Vaka Olsen
Enquete: Å skrive om å få barn.
Essay: «Mitt liv som hund». Dag F. Gravem om 20 år med Rocky.
Essay: «I noen øyenblikk er vi ikke alene». Hilde Rød-Larsen om Elizabeth Strout.
Essay: «Revolusjonær gneiste og poetisk eld». Tora Lane om litteraturen og den russiske revolusjonen.
Fiksjon: «Rasende sommar.» Romanutdrag av Tiril Broch Aakre.
Lyrikk: «W.B. Yeats: Ti dikt». Gjendikta av Torstein Bugge Høverstad.
Essay: «Mellom det irske og det evige.» Torstein Bugge Høverstad om W.B. Yeats.
Ekfrase: «Kaninen, ekornet, den dopa minken, ilderen, grevlingen, Lars og lysfontenen.» Av Joakim Kjørsvik.
Meldingar: Marius Asp om Rachel Kushner, Annelise Fjeld Knutsen om Richard Brautigan, Kasper Dam Nielsen om Helle Helle, Jenny Moi Vindegg om Amalie Kasin Lerstang.
Jubileet: Vilde Sagstad Imeland om Den lille prinsen.
(Framsidebilete: Sandra Vaka Olsen.)