Fyrst publisert i Vinduet 3/1967.
[Dikta vart også trykt i Vinduet 2/2018, som følgje til Heming H. Gujords artikkel «Ord, ord, ord, ord». Diverre vart dikta ståande med trykkfeil, som her er retta opp.]
DEI GALOPPERANDE KONSTANTARS METODE
Korte dikt
Det som skulle ha vore greiner og lauv,
med eldfluger svirrande kring, var hamna
og dokkane, kranar på strutsebein.
Månen som skein mellom blada vart sløkt og
fall ned då nattskiftet gjekk heimatt til svevnen.
Lykkeleg våt!
Undrast om alt som er
rundt meg vil kvila i kveld,
eller om skuggar og sol
dansar saman kring kvite ruinar.
Ein usett og uhøyrd intensitet, seier representanten
for styresmaktene. Til livet gir oss meining …
Apekattane sa: Vi har skrive Hamlet på palmeblad.
Under samtalen trøytna
vår tids helt, og
hovudet fall tungt i fanget
mitt då eg rygga bilen
prikkfritt inn i mine
tankars sidegate.
MARIA
Som ei kjærleg julegate
er du møy, bøygd over
juke-boxen, når du
speglar deg mot bogeglaset
før du snur deg for å
møta augo mine,
sælt i visse.
Desse dalar av puslespelbrikker
utan form mot min kropp. Difor
kan vi køyra gjennom dei og sjå
ut vindaugo på oljetårna og skyene
og tyfonane som kastar sine
spiralskuggar mot oss.
Andre pasjonar lyt ein ha!
Eg triv spørjeteiknet og kastar
det vreid mot næraste kaktus.
Skuggane reiser i mørklagde bogar si skute mot vinden.
Sanden, våte elefantar kasta opp mot sola,
er stille born, lagde ned for svevn.
PRIMITIVE, MEN IKKJE DESS MINDRE VERKELEGE INTERESSER
1
Gjennom porten skal han koma.
Over vangen, ifrå sola skal han koma meg i mot.
Han skal dansa som eit fivreld på venger gjennom hagen.
Mellom lange skuggar skal han gråta ved min fot.
2
Mot mi panne lyser du som eit antarktisk bål, augo dine
fyller meg med iskalde stjernenetter. Ein isbjørn er du.
Min kalde ven. Kva er vel ein eskimo verd mot din pels?
3
Solen kjenner hennes drøm:
Den gule krans av år
har tømt sin brønn mot hennes hode.
4
Eit grensetilfelle.
5
Ein son!
Tinga vert lika direkte, mest som dei vart lika
av menneska som laga dei.
GOTISK
Sentralt i biletet, seier han, står
Men vi får raudt lys, bilen lyt stogga
beingrinda, som representerer
Du tek meg mildt i armen
i følge seinmiddelaldersk tankegang
Eg er ikkje blind, eg veit når eg skal gå
ja, vi veit i grunnen ikkje sikkert, tinga på den andre sida…
Vi lyt venta. Raudt tyder mors improvida.
SOM OM VINDEN VAR STERK
Eg fann meg mellom sol og mold
på varme, pløygde marker.
Rundt meg song fuglar med kvistar i nebbet.
Korleis?
Dagen halla sin leande kropp mot min skugge,
eller – var det fly som skulle gjødsla
meg? Snart vaks korn i mine augo,
blomar i min munn. Veksa ut av jorda
gjennom meg. Å, når vinden dansar over
slettene, dansar gult og varleg gjennom angen
frå min munn, gjennom lyset frå mitt auge.
Einsam som ein gaucho utan hest veks eg
mot det blå.
JOHN WEBSTER
Tre av ljos blir sprøyta over dine lipper,
kvelden spelar lydlaust med ditt hår.
Framfor huset ditt, på søylene, står månen
som ein gulbleik linedansar, bøyer seg og går.
Gjekk ei natt i skogen mellom falne soler,
stjernesørpa klistra seg som haustlauv til min fot.
Trea står meg tagale ikring med nakne armar,
peikar bort frå jorda som eg kastar meg imot,
Under himmelteltet ligg eg verkjande og gløser,
vandrar ut av skogen, ventar på ditt fall.
Månekvinne, i ditt ljos ser du meg dansa
som ein gravløysing på blad og blomars ball.
Andletet vert turt og augo store,
som i ørska frøser havet mot mitt sinn.
Eg har skote vilt og fanga fugl i snåre,
men kva hjelper skot mot deg og snårer etter vind?