Om Vinduet

Vinduet, Gyldendal sitt tidsskrift for litteratur, er eitt av Noregs eldste ålmenne kulturtidsskrift. Tidsskriftet vart grunnlagd i 1947 av Harald Grieg og Nic. Stang, som eit ledd i attreisinga av landet etter andre verdskrigen. Sidan den gong ha Vinduet hatt mange innverknadsrike redaktørar:  Johan Borgen, Brikt Jensen, Jan Erik Vold, Knut Faldbakken, Janneken Øverland, Jan Kjærstad, Merete Morken Andersen, Henrik Langeland, John Erik Riley, Audun Vinger, Kaja Schjerven Mollerin og Preben Jordal.

Vinduet kjem ut med fire årlege utgåver. Nr. 4/2020 er å finne i gode bokhandlarar og Narvesen-utsal frå 10. desember, og kan kjøpast direkte her.

Våren 2021 lanserer Vinduet ei stor jubileumsutgåve for å markere sin 75. årgang. Seinare på året vil tidsskriftet gå over til eit heildigitalt format, med Simen Vågsland Gonsholt og Ola Innset som redaktørar.

Vinduet er medlem av Norsk Tidsskriftsforening.

Redaktør (frå januar 2018):
Maria Horvei

Redaksjonsråd:
Mona Høvring, Nikolai Melamed Kleivan, Gunnhild Øyehaug, Jon Refsdal Moe og Jan Kjærstad.

KONTAKT

Maria Horvei, redaktør
maria.horvei(at)gyldendal.no

Jenny Moi Vindegg, redaksjonssekretær
jenny.moi.vindegg(at)gyldendal.no

Besøksadresse:
Gyldendal Norsk Forlag
Sehesteds gate, Oslo

Postadresse:
Vinduet, Gyldendal Norsk Forlag
PB 6860 St. Olavs pass
0130 Oslo

Generelle spørsmål kan rettast til vinduet(at)vinduet.no.