Lokal kabal. Digital

«Karyatide-terrassen» eller «Jomfruenes terrasse» på Erekhtheion, et tempel på Akropolis i Athen bygd 421–407 f.Kr., der støttesøylene er forma som kvinneskikkelser. Foto: WikiCommons.

Statsleiarane responderte til den globale krisa med lokale løysingar. Var kunsten betre?

            «Er vi langt unna ei vaksine?»

            «Oh dear.»

            «Kan du ikkje fortelje det?»

            «Eg er så skuffa av bransjen. Eg kjem til å seie opp.»

Markus ler på den oppgitte måten. Før han blei sjef for EUs legemiddelnettverk, var han diplomat i Afghanistan og Irak. Eg har aldri sett Markus mistrøstig. Ikkje eingong då han fortalte at kjærasten nettopp hadde slått opp over facetime. Over facetime?! Umodent! sa eg. «Nei. Eg skulle ikkje vere heime på tre veker. Han gjorde det beste ut ifrå premissa,» sa Markus. Full openheit, tilsynelatande. Men det var noko eg ikkje fekk tak på den gongen. No glor eg på andletet hans på facetimeskjermen. Det er endå vanskelegare å få heilt tak på det han seier.

Dag null

12. mars 2020 lukka Oslo porten. Eg og Jon, som eg samarbeider om kunstprosjekt med, la ned arbeidet og sprang til t-banen. Banen kom seg ut av byens tigerklør og køyrte uvanleg sakte opp åsen, som om han gjorde noko ulovleg. Jon, eg og resten av byen vart satt i husarres. Det var ulikt høgreregjeringa å nekte oss å skape ting og halde hjula igang. Erne Solberg verka vettskremt. Kva hadde virusologane og immunologane fortalt henne som ho tidde om for ikkje å skape panikk? Eg vart redd av alle fantasiane. Facebook, Oslo kommunes nettstad, NRK.no, DN.no og andre gjentok det Erna sa på pressekonferansen. Kvassingane i DN grov opp dokument frå postjournalmørkret, og alle fann individuelle historier til å illustrere det brå samfunnsskiftet. Avisene vart oppdaterte medan eg såg på. Å vere diktar kjentest overflødig. Eg kunne berre transkribere røynda. Eller?

Nei då, situasjonen blei sjølvsagt eit nytt vilkår for heile den kunstnariske praksisen. Samtidig skulle Jon og eg fortelje om det som skjedde, gjennom våre avanserte og kompliserande og problematiserande verkemidlar. Vi var heldigvis to. Og to tykte vi no at vi skulle vere. Når kloden ikkje er sterkare enn det veikaste leddet, må vi dyrke kollektiviteten. Jon og eg gjekk til kvar vår skjerm i kvar vår heim og skreiv og delte bilde og var åh så flinke. Inst inne var eg, eller vi urolig(e) fordi ingen ting lenger var sikkert. Utbrotet kasta alt opp i lufta. Korta skulle bli delt ut på nytt. Men dagar gjekk, veker, månadar, og adrenalinet la seg. Den tydelege forløysinga kom ikkje. Oska la seg berre sakte. Like sakte som dagane blir lysare i mars, april. Slik blei lufta litt klårare for kvar dag, fram til portforboda var oppheva og vi kunne gå ut i gatene og til scenene, nesten heilt som før. Kva gjer vi av dette? Er det berre å ta opp tråden der vi slapp han? Eller er det no forventa at vi skal ta ein slags eigendom over dette oskedekte landet, ta definisjonsmakt over den og reise nye strukturar frå ruinane?

For nokre år sidan ringte Markus meg frå golde landskap i Irak. No vassar Markus i ei eng. Enorme valmuar, markblomster i sterke fargar. Glade humlar.

            «Kor er du?»

            «I Belgia, ein liten landsby.»

            «Men du jobbar framleis for EU?»

«Jau då. I går var eg med på ein vaksinepresentasjon. Eit tysk selskap presenterte den for tyske helsetoppar,og eit par tyske ministrar. Vanlegvis ville det vore folk frå heile Europa der. Men no var det heilt tysk.»

            «Grensene er jo stengde. Ingen kunne vel komme seg inn til og så ut att av Tyskland?»

            «Det var eit webinar.»

            «Så det er sant?»

            «Kva da?»

            «At nokon prøver å kjøpe seg einerett på vaksinane?»

            «Det er eigentleg endå verre.»

Etter femten år i felten i Asia, kom Markus til Europa igjen i 2016. Her fekk han ein ny diplomat-aktig jobb i dette legemiddelnettverket. Sidan då har han brukt dialogevnene sine til å legge til rette for samarbeid om utvikling av, deling av kompetanse på, og produksjon og distribusjon av legemiddel og vaksiner. Han er ein røynd småpratar og forhandlar. Men no blir han stille.

Global krise, lokale løysingar

Ordet pandemi kjem frå latin og gresk. Pan (altomfattande), demi (folk). Utbrotet av sjukdommen Covid-19 gir ei global krise som neppe kan løysast lokalt. Men kva global instans skal ta iniativ til fellesskap? EU har krise. Presidenten i Russland er ein mordar og Det kvite hus eit freakshow. Nordisk ministerråd, då? Sett frå dataskjermen er også det verdsberømte nordiske fellesskapet – den nordiske forma for krossnasjonalt sosialdemokrati – rysta av krisa. Akkurat no, når eg skriv dette, ligg ei avisteikning øvst på VG.no. «Nordiska mesterskapet i virologi», har teiknaren skrive med skjelvande skrift, over ei teikning av den svenske smitteeksperten Johan Giescke. Raudnande, pratande, framfor mikrofonane. «Sverige har flest dødsfall. Men også den beste strategien.» Teikninga illustrerer ein kronikk som bruker omgrepa dei og oss. Vi mot svenskane, som om det handla om Wasalöppet. Det har blitt imperativt å definere oss bort frå å vere nordiske eller skandinaviske, til å vere norske. Nokre land har vore så proteksjonistiske under pandemien at det grensar mot nasjonalisme. Og takk og pris for at vi stengde grensene, eller kva?

Kanskje.

Eller ikkje.

Kva skulle den danske statsministar Mette eigentleg ha sagt til Erna eller Erna sagt til den islandske Katrin som medførde mindre panikk og betre refleksjon? Veit ikkje. Men det er jo berre å prøve. Med kronehjelp frå Noreg og intellektuelle ressursar frå Finland kan Island vinne kapplaupet om å utvikle vaksine mot covid-19. Norden kan endeleg stå samla ilag på toppen av pallen.

Kontraposte

Då landet stengde opna naturen seg. Sola kom fram, hestehov og kvitveis bløma, og vinden var flau og søraustleg. NAV opna seg litt mot kunstnarane. Ein del av prekæriatet levde relativt gode dagar, med dei uvante sosiale rettane – omsorgspengar, sjukepengar frå fjerde dag, mulegheita for dagpengar, trass låg inntekt. Nokre var takksame. Dei var dårleg vante, og tenkte ikkje at dei fortener så mykje mykje meir. Det er jo ein ansvarsfull jobb å vere styresmaktenes hoffnarr. Betalinga står svært sjelden i stil med arbeidstimane som leggast ned.

Det kom forteljingar frå dei som hadde reist land og strand rundt og som tok imot nedstegninga med glede. Forteljingar om familietid, kontemplasjon, for å vere meir tilstades, som det blei sagt. Nokre fordjupa seg i zen og konsentrasjonens kunst. Andre skjøna at langtidseffektane på visse næringar, som reiseliv, uteliv – og kunst og kulturbransjen – er alvorlege. Den kortsiktige gleda av å ha nokre sosiale rettar kom i skuggen av det store, ruvande monstret. Oppdragsstopp, stengde kulturhus, avlysningar, konkursar, inntektstap som vil vare over år.

 Når hjernen bruker 80% RAM på å løyse praktisk-økonomiske floker er det mindre igjen til den krevjande jobben som det er å analysere, vurdere, eventuelt kritisere rådande politikk. Å stå imot krev overskot. Å løfte blikket er eit overskotsfenomen. Eg ser tilbake på våren, og ser at augelokka mine var ganske tunge. Eg ikkje reagerte til styresmaktene. Lot dei drive med desse lokale løysingane sine, heller enn å behandle den globale krisa med globale løysingar. Eg blei visst for redd, for travel med å sikre meg og familien.

Kunstnarorganisasjonane har samla frå tal medlemmene sine. Analysebyrå har òg innhenta informasjon, på vegne av offentlege etatar. Det er mørk lesnad, som viser eit akutt tap – sannsynlegvis på over halvparten av inntektene. Samtidig vert det jobba ekstraordinært. For i tillegg til alle løypande prosjekt, har tusenar av kunstnarar produsert ekstraordinære idear. Nokre har fått ekstraordinære støttemidlar frå stønadstilbydarar.

Prosjektet Pauserom var alt i gong då det fekk den første løyvinga, som kom frå Fritt ord. Denne serien pauseromsplakatar for sjukehus og legevakter var initiert av kunstnarane Tiril Hasselknippe, Marie Buskov og Jessica Williams, og mobiliserte fleire titals norske kunstnarar. Kunstnarane laga plakatar i, om og med eller imot pandemien. Hasselknippe fekk ideen då ho sjølv var invitert til tilsvarande prosjekt i New York, ein by som i skrivande stund har hatt seksti tusen smitta og tusen daude av covid-19. I Noreg har 239 døydd, og 8400 er eller har vore smitta. Men i Noreg som i New York trengst kunstens alternative rom. Som pauserom, distraksjon, diskusjon, motsetning, osv. Og apropos motsetning:

Verket The sixth sister byggjer bruer mellom land og mellom einskilde aktørar. Prosjektet er initiert av Marianne Heier, formidla via sosiale medier, og gjort i solidaritet med Akropolismuseet i Athen. På Akropolis står fem Kariatyder, som er greske søyler forma som søstre. Den sjette Kariatyden – the sixth sister – står på Britiske museet, i einsam kontrapost.

Kontrapost kjem av italiensk contraposto og betyr motsetning. Ein kropp i kontraposisjon er ikkje symmetrisk. Han er derimot litt vridd, og såleis i balanse. Eit samfunn i balanse har passe motstand. Media er vaktbikkja. Er kunsten motrøysta? Må Heiers The sixth sister lesast som kolonialismekritikk, for å spenne opp det verkeleg store lerretet? Eg minnast eit svart-kvitt bilde frå Sudan som eg fekk sjå i barndommen. Ei eller annan sveltekatastrofe var det. Ein lastebil med mat, og hordar av menneske som pressar seg fram, klatrar over kvarandre, kjempar om maten. «Kva synest de om dei som klatrar over dei som er veikare for å sikre seg mat?» spurde læraren. Vi tykte det var forkasteleg. Ja, sa læraren. Vi skulle synest det var forkasteleg. Men så målte læraren med gråtonar på dette svart-kvitt-bildet. Stikkord var «vestleg misforstått utviklingshjelp», «reperasjonssamfunn» og desperasjon. Læraren sa også: «I-land har råd til bærekratige og langsiktige løysingar. U-land er reperasjonssamfunn.» Vi tenkte at det var i-landa sin skuld at u-landa var køyrt i grøfta. Vi som har det såkalla betre har visst såkalla betre enn u-landa. Men då vi i mars 2020 fekk ulykka i fanget, reagerte vi brutalt. Hamstring av dopapir og vaksiner, hasteutsending av folk utan opphaldstillating, og kutting av internasjonale samarbeid, som det mellom USA og WHO. Dei mektigaste statsleiarane trur ikkje på globale samarbeid. Dei motarbeider og byggjer ned nettverka som er bygd opp over tiår, med klokskap, offer og kompromiss. Det er brutalt og usivlisert. Det går jo ikkje an, vi må gå i tog! Vi kan jo ikkje samlast, gå i tog.

Markus går utanfor sirkelen som han skritta opp, og følgjer hekken langs hagen

Sjølv dette, å snakke med ein ven, er unaturleg på video.

Markus ruslar og snusar på blomar og ser laus og ledig ut. Er det eg som gjer samtala unaturleg? Eg rettar meg i ryggen, vrir litt på meg i stolen. Jau, kroppen er litt stiv. So how are you? spør Markus. Alt vel, seier eg, og meiner det. Her er det berre luksusproblem. Og du, seier eg. Her er det berre luksusproblem, seier Markus. «Her klagar vi på sosial distanse. Venninna mi som driv sjukehus i New Dehli ønskjer seg einerom og reint vatn.» Markus vil at vi løftar samunnet opp eit nivå, no, orkar ikkje å gå i sirkel. Sirkel?

            «Eg kjem ikkje vidare. Det går ikkje an å lobbe på videokonferanse».

            «Kvifor ikkje?»

            «Det er ingen vits i å leite opp ein maktperson sitt telefonnummer og så ringe han og overtale han til noko. Ingen har guarden nede då.»

Med småprat skal vi endre verda? Senke guarden, rive muren, stå på terskelen av kvarandres grenser! For, som det står i norrøne skrifter: Gode gjerder gir gode vennskap. Og var det ikkje nettopp grenseløysa – globaliseringa – som la grunnlaget for situasjonen vi er i? Å fritt flytte seg på tvers av landegrensene var premissa for Markus’ jobb. No blir han for første gong stoppa og må rettferdiggjere at han har ein viktig grunn til å reise i Europa.

            «Er det sant at Trump prøvde å kjøpe seg einerett av ei tysk vaksine?»

            (Pause. Stille)

Pause = Markus sorterer informasjon, vurderer teieplikta. Stille = Markus blir nedslått. I fjor, då han fortalte om han som slo opp over facetime, var han i Oslo og møtte Bent Høie – før det bar til Gardermoen og til ein ny europeisk storby, til endå ein ny europeisk storby og endå ein, før han hadde eit døgn «heime» i den koffert-aktige leilegheita si i Amsterdam. Dette har pandemien gitt han: Å tvingast til å vere i same by meir enn eit par døgn av gongen. Å flytte inn hos kjærasten på bygda. Det får han. Å stoppe opp og spørje seg: Kva er det vi driv med og kva driv eg med? Vil eg dette? Markus ruslar, humla suser. Ryggen min er stiv. Eg reiser meg. Bær med meg laptopen hit og dit. Blir stiv i armane, og kjenner at videokonferanselivet kan få ein naturleg slutt.

Dette går jo ikkje. Dette kjem til å slutte av seg sjølv. Kven kan vere med meg over til verkelege rom igjen? Eg må til nettet og diskutere det spørsmålet med kollegaer.

CEO og andre roller

Det var ein gong at nokre kulturkommentatorar etterspurde den klimaengasjerte kunstnaren. Ein gong var bestillinga frå offentlegheita endå vagare: «Kor er det blitt av den samfunnsengasjerte kunstnaren?» Kva betyr samfunnsengasjert kunstnar? Typar som Bjørnson, som var både forfattar, redaktør, aktivist? Eller Christian Krogh, som tematiserte sosiale problem? Må vi vere den typen kunstnar? Nei! Espen Stueland, som har eit kunstnarskap som blir kalla økokritisk, vart spurd om forfattarar i dag må forholde seg til klimakrisa. «Forfattaren må ikkje det. Men han kan det,» sa Stueland.

Var vi kunstnarar betre? Løfta vi dei overordna tematikkane? Og kva med metode: Organiserte vi oss for å investere saman i den nye dyre digitale teknologien, og samarbeidde om løysingar? Må vi det? Nei, men vi kan.

Jon og eg greip til eksisterande løysingane som verka effektive og akutte. Ei form for livredning og -bøyge var å flytte produksjonen, produkta, verdiane våre og diskursane til internett, og då til plattformar skapt for andre ting enn kunst. Men samtalen har – om ikkje dei beste vilkår – så har den ein kanal. På internettet oppstår no mange interessante og verdifulle diskursar om kven vi er når vi blir fråteke fellesskap og møteplassar. Kritiske debattar. Kven er vi som menneske, par og samfunn når vi er fråteke kontor, galleri, teater, festar, festivalar, treningssenter, senter av alle slag? Kva har vi lært av kriser vi har vore i eller vore vitne til gjennom tidene? Jau då, vi snakkar og snakkar, ikkje på Facetime. Vi møtest i gruppar, på Zoom, der vi også kan ta opp praten og kanskje til og med presentere den som kunst. Korleis ser dei ut, fora der europeiske helsetoppar møtast? spør eg Markus. Eg ser han opne munnen Så går skjermen i svart. Batteriet i maskina er tomt. Det er slikt som skjer. Men konteksten av samtala med Markus forsterkar dette vesle opptrinnet. Kva om den svarte skjermen blir svart for godt? Kva om dei russiske eller wuhanesiske eller whatnot hackarane endeleg har bestemt seg for å trykke på WWWs stopp-knapp? Eg mistar alle dei verdiane og relasjonane som berre finst online. Og kven kan eg ringe for å få vite kva som skjer?


Mette Karlsvik er forfattar.