Leiar, Vinduet 2/2019
I juni 2019 er det femti år sidan Stonewall-opptøyane braut ut i bydelen Greenwich Village i New York. Det som byrja som ein spontan motstand mot eit politiraid av den homofile utestaden Stonewall Inn natt til 28. juni 1969, har sidan etablert seg i historiebøkene som starten på den moderne, verdsomspennande rørsla for LHBT-rettar. Denne sommarnatta i New York var, for å låne eit konsept av Stefan Zweig, ei av historias «stjernestunder»: Ei av desse «dramatiske fortettede, skjebnessvangre stundene da en avgjørelse med virkning langt utover samtiden skjer i løpet av en eneste dag, en eneste time, ja, ofte bare et minutt.»(1)
Som ei markering av dette jubileet er nummeret av Vinduet du no held i hendene i heilskap vigd litteratur med eit skeivt perspektiv – som eit avmålt forsøk på å kaste lys over kva rolle litteraturen har spelt i den norske LHBT-historia, og for å sjå nærare på ei lita promille av dei problemstillingar som dette perspektivet opnar opp for. Innhaldet spenner frå eit historisk overblikk over dei fyrste uttrykka for homofili i norsk litteratur, til nærlesingar av einskildverk og vidare til personlege essays om rolla litteraturen har spelt som livsførelegg der slike elles har mangla. Forfattarintervju med Gudmund Vindland og Gerd Brantenberg speglar tydinga litteraturen har hatt som ein arena for oppgjer, medan samtalane med Mona Høvring og Eileen Myles og dei skjønnlitterære innslaga viser til ein situasjon der seksuell legning er eit mindre problematisert og meir sjølvsagt del av eit litterært prosjekt. Innhaldet er med andre ord variert – om enn ikkje i nærleiken av å vere uttømmande.
Det er historias ironi at dei som har kjempa hardast for å sprenga seg ut av avgrensande definisjonar, også er dei som står i den største faren for å bli fanga i kategorisk tenking. «Skeiv litteratur» som overskrift kjem heller ikkje utan visse konnotasjonar til nettopp den båstenkinga som både LHBT-rørsla og litteraturen har vore arenaer for å sleppe unna. Då den skeive bokklubben Kursiv vart lansert i 2003, var forfattar Anne Holt blant dei som reagerte på at ein homofil eller lesbisk tematikk i seg sjølv skulle vere grunn til å lese ei bok, for ikkje å snakke om at homofile og lesbiske skulle ha særinteresse når det gjaldt litteratur. «Litteratur er litteratur», skreiv ho i Dagbladet den gong. «Den er god eller dårlig, den treffer meg eller deg, den er optimistisk, nedbrytende, erkjennelsesutvidende, underholdende, kjedelig, indifferent eller viktig. Den er aldri heterofil. Den kan derfor heller aldri bli homofil.»(2)
Dette er sjølvsagt heilt riktig, på same måte som litteraturen heller ikkje kan vere kvinneleg eller mannleg. Men han kan ta opp feministiske problemstillingar, dramatisere utfordringar i mannslivet eller utforske skilnader mellom ein kvinneleg og ein mannleg ståstad. Dessutan er det slik at litteratur kan ha ein verdi utover tradisjonelle kunstnariske kriterier, og at litteratur som skildrar homofile, lesbiske og skeive erfaringar har vore svært viktig for mange. Per Esben Myren-Svelstad viser i sitt essay om homofiliens språk i norsk litteratur til litteraturforskaren Nils Axel Nilsen, som skriv at «litteraturen har hatt større betydning for utviklingen av den moderne homofile identitet enn den har hatt for noen annen minoritetsgruppe. Dette virker innlysende når man tar i betraktning at i motsetning til etniske, språklige og religiøse minoriteter er det ingen som blir oppdratt som homofil eller lesbisk».
Med dette in mente er det både underleg og synd at, slik Myren-Svelstad også påpeikar, det homofile temaet i norsk litteratur i relativt liten grad er kartlagt og forska på. Unntaka finst, så klart, og i seinare år har Skeivt arkiv gjort eit stort og viktig arbeid for å dokumentere og skape kunnskap om den skeive kulturarva, som fortener all ære – og også å byggjast vidare på.
God lesing.
Maria Horvei
Oslo, 28. mai 2019
(1) Stefan Zweig, «Evige øyeblikk», omsett av Ursula Krogvig, Aschehoug, 1969, s. 6.
(2) Anne Holt, «Homopolitiets hersketeknikk», i Dagbladet 05.02.2003.
Foto: Oslo Pride 2018, Human-Etisk Forbund.