Homofiliens språk i norsk litteratur
Poeten Øystein S. Ziener (1957–1998) skildra i mange dikt homofil kjærleik og dvelte samstundes ved problemet med å gje slike erfaringar språkleg form. I eit dikt om inspiratoren Åsmund Sveen (1910–1963) set Ziener seg sjølv i scene slik:
je sitt godt påkledd
innadørs
og skriv
like hæilvnakjint
på resirkulert papir (1)
Ordet «hæilvnakjint» er rikt på tydingar. Det viser til korleis Sveen i same dikt blir omtala: Han ligg i graset ved Glomma «med bar overkropp/ og drømme», medan sola skin og furua strekkjer seg høgt rundt han. I tillegg er biletet av den halvnakne skrivemåten ein presis metafor for korleis mange forfattarar vel å skildre homofile kjensler, tankar, romantisk og erotisk attrå. I vestleg kultur har homofili eksistert som eit samfunnsspørsmål det har vore viktig å debattere, men der ein samtidig har frykta at å omtala fenomenet fritt ville føre til at det spreidde seg. Homofili har vore «kjærleiken som ikkje våga å uttala sitt namn», slik elskaren til Oscar Wilde, lord Alfred Douglas, uttrykte det i eit dikt. Skjønnlitteraturen, og kanskje særleg lyrikken, eignar seg til å omtala nettopp det som ikkje kan omtalast direkte. For kva gjer vel eit dikt, om ikkje å setja nye, uventa og underleggjerande ord på ting og erfaringar vi kjenner til? Skjønnlitteraturen kan i tillegg skapa samanhengar mellom tekster, språklege og kulturelle markørar, som bidreg til eit meir omfattande tolkingspotensial for den som er fortruleg med dei.
Papiret Ziener skriv på, er «resirkulert». Dette speler på den velbrukte litteraturvitskaplege palimpsestmetaforen. Palimpsestar var opphavleg pergament der ei tekst var skrapa bort, slik at same pergamentet kunne brukast på nytt. Under den nye skrifta såg ein då spor av den førre – eit treffande bilete på intertekstuelle samband, der vi gjerne meiner å ana spor av ei tekst «under» den vi les. Det palimpsestiske blirvert særs viktig for meiningsproduksjonen og tolkingsrommet, og kanskje særleg i homolitteraturen. Zieners dikt alluderer ikkje berre til poeten Åsmund Sveen, men også til eit av Sveens mest homoerotiske dikt, som vi skal sjå nedanfor. Utlegginga mi av ordet «halvnaken» ovanfor kviler såleis på kjennskapen eg har til både Zieners og Sveens dikt. I denne artikkelen vil eg utforske korleis vi kan forstå homofiliens litterære språk i norsk litteratur, og då med særleg vekt på Åsmund Sveens dikting.
Ein kan rimelegvis påstå at ei halvnaken tekst vil ha sterkast effekt på dei som kjenner igjen tekstene som ligg «under». Men desse tekstene er ikkje nødvendigvis skjønnlitterære tekster. Skjønnlitteraturen går i dialog med både idéar i den offentlege debatten, diskusjonar innanfor ulike fagfelt og talemåtar og innforståtte teikn frå samfunnets subkulturar. Ei tekst som for éin lesar ser ut som eit heteroromantisk kjærleiksdikt, vil for ein annan kunna vekkje klåre assosiasjonar til homoerotikk. Meiningsproduksjonen i homolitteraturen er såleis ikkje «skjult», men vil like fullt arte seg ulikt for ulike lesarar.
Mellomkrigsåra som brennpunkt
Alle forteljingar må byrja ein stad, og denne byrjar på 1920-talet. I mellomkrigstida myldra det av diskusjonar om og skildringar av homoseksualitet i både jus, medisin, aviser, tidsskrift og skjønnlitteratur. Medan vi i dag assosierer den moderne homokampen med Stonewall-opprøret i 1969, hadde aktivistar som Karl-Heinrich Ulrichs og Magnus Hirschfeld i det tyskspråklege Europa faktisk starta kampen allereie på slutten av 1800-talet. I mellomkrigsåra slo dette for fullt inn over dei skandinaviske landa. I Noreg var straffelova § 213, som forbaud «utugtig Omgjængelse […] mellom Personer af Mandkjøn» oppe til debatt. I 1922 føreslo ein komité at paragrafen skulle reviderast, med ein argumentasjon basert på både freudiansk psykoanalyse og den tyske homoaktivismens idé om at homoseksualitet var uttrykk for eit medfødd «tredje kjønn» som ikkje burde straffast.(2) Lovendringa vart ikkje gjennomført – og forbodet ikkje oppheva før 1972 – men både medisinske, psykoanalytiske og aktivistiske tankar om homoseksualitet tok til å slå rot i allmennkulturen. Fordi omgrepet «homofili» fyrst vart vanleg i etterkrigsåra, kjem eg for det meste til å bruke «homoseksualitet» i det fylgjande.
Eit godt døme på korleis oppfatningar om «den homoseksuelle» som type vart spreidde, finst i artikkelen «Homoseksualitet» (1947, fyrst utgjeven 1932) av sosialmedisinaren Karl Evang og psykiateren Torgeir Kasa. Dei to radikale medisinarane hadde nyss starta Populært tidsskrift for seksuell opplysning, der lesarane i 1932 altså fekk vita at homoseksualitet var eit variert fenomen. Mange homoseksuelle sublimerte sine drifter og gjorde ein stor innsats i kyrkja og det religiøse livet. Innanfor «hardføre krigerstammer» kunne ein ifylgje dei finne homoseksuelle menn som dyrka og hylla «mannlig naken skjønnhet». Vekta låg altså på homoseksuelle menn, som kort sagt var nokså forskjellige i utsjånad og personlegdom. Men det fanst ifylgje Kasa og Evang eitt unnatak:
«Den eneste gruppe homoseksuelle som man til en viss grad kan påstå har et bestemt ytre utseende, er de som spiller den passive rolle ved de homoseksuelles samliv. De er nemlig ofte kvinnelige av type (feminine): bekkenet er bredt og skjeggveksten er dårlig, behåringen på kroppen er lite uttalt, og der er fettansamlinger på lår og setepartiet. Disse er også kvinnelige av vesen og liker ofte godt å kle seg i kvinneklær, iallfall vil de gjerne ha litt ekstra snitt på tøyet, livlige farger og bånd.»(3)
Kasa og Evang illustrerer det queerteoriens stamfar, franskmannen Michel Foucault, har påpeikt om seksualitetens historie: Likekjønna forhold har eksistert til alle tider, men det er fyrst i moderne tid – Foucault tidfestar det faktisk til 1869 – at vi i Vesten startar å tenkje på den homoseksuelle som ein type, ein identitet, og «dei homoseksuelle» som gruppe. Dette har i sin tur store konsekvensar for kor synleg fenomenet er. Samtidig er artikkelen eit eksempel på eit anna særtrekk ved denne synleggjeringa: «Den homoseksuelle» var vanskeleg, kanskje umogleg å definere. Somme homoseksuelle menn var meir feminine enn andre menn, men andre var meir maskuline. Iblant kunne homoseksualitet vera erverva, men i andre tilfelle meinte dei han var ein medfødd, naturleg variant av det menneskelege driftslivet. Og samstundes med at ein prata om «dei homoseksuelle» som distinkt gruppe, fanst det ei sterk tru – eller frykt – for at alle kunne bli homoseksuelle så lenge forholda låg til rette for det.
Den amerikanske teoretikaren Eve K. Sedgwick har kalla dette «krisa i homo-/heteroseksuelldefinisjonen»: I det 20. hundreåret blir det svært viktig å definere fenomenet homoseksualitet, men medisinarar, politikarar og juristar blir aldri verkeleg i stand til å gripe «den homoseksuelle» som type på ein måte som skil han tydeleg frå «den heteroseksuelle». Ei slik definisjonskrise, som inneber at ein aldri kan lesa nokon eintydig som det eine eller det andre, er sjølvsagt ypparleg føde for skjønnlitteraturens allusjonar, metaforar og symbol. Krisa dannar slik sett grunnlaget for den halvnakne skrifta.
I Europa kan vi sjå ein eksplosjon i litteratur med meir eller mindre ope homofilt tema i mellomkrigstida. I 1927 gjev Stefan Zweig ut novella «Verwirrung der Gefühle», der ein gamal universitetslærar minnest sin eigen professor frå studietida. I eit langt attendeblikk blir lesaren involvert i avkodinga og fortolkinga av teikn som studenten må gjera, før han – og lesaren – innser at professoren er homoseksuell. I Frankrike kjem Marcel Prousts A la recherche du temps perdu ut i perioden 1913–1927. Alle veit at dette romanverket er både eit tidleg eksempel på autofiksjon og eit modernistisk storverk som formelt og filosofisk utforskar tid og minne. Men kor mange er klåre over at eit av Prousts utgangspunkt var ein idé om å skrive eit essay om homoseksualitet?(4) Vel så interessante som den mykje omtala madeleinekaka er dei mange homoerotisk lada forholda i romanverket.
Også hjå våre naboar i Sverige florerer det med homoerotikk på denne tida. Charlie (1932) av Margareta Suber skildrar «gutejenta» Charlie og den smertefulle vegen hennar til innsikt om at ho ikkje er som alle andre. Agnes von Krusenstjerna skapte skandale i perioden 1930–1935 med utgjevinga av romanserien Fröknarna von Pahlen, som skildrar lesbiske kvinner og homofile menn i ein slags idyllisk, feministisk utopi. Men den viktigaste forfattaren i denne bylgja er nok engelske Radclyffe Hall, som med The Well of Loneliness i 1928 kom med det mest klassiske verket i lesbisk litteratur sidan Sapfos fragment.
Homoseksualitet i norsk litteratur er i relativt liten grad kartlagt.(5) Men også her til lands er det på 1920-talet vi finn det truleg fyrste dømet på at «hovudpersonens seksuelle legning» blir «det sentrale temaet i ein roman»(6)– nærare bestemt i Odd Lyng (1924) av Alf Martin Jæger. Medan Jæger skildrar ein homofil mann, gjev Borghild Krane i 1937 ut Noregs fyrste lesbiske roman(7): Følelsers forvirring. Romanen er langt frå like litterært sterk som til dømes Fröknarna von Pahlen eller The Well of Loneliness. Men han er interessant å dvele litt ved, mellom anna fordi han illustrerer intertekstualiteten i homolitteraturen. Tittelen på Kranes roman er ei ordrett omsetjing av novella Stefan Zweig gav ut ti år tidlegare.
Følelsers forvirring handlar om to lesbiske kvinner, Åse og Randi, og Åses homofile adoptivbror Dmitri. Åse er ein intellektuell bokorm som gjev opp å leva ut legninga si, og i staden blir lærar. Dimed vel ho ein oppbyggjeleg leveveg. Det andre hovudplotet dreiar seg om Randi, som studerer saman med Åse i England. I ei interessant scene går dei på kafé med ein gjeng studieveninner. Dei legg merke til to menn som sit ved eit anna bord – to menn som er meir enn berre vener, noko som skaper moralsk oppstuss i veninnegruppa. Ei av dei engelske studinene skryt av sin velfungerande gaydar:
«‘Jeg merker straks når slike mennesker er til stede. Jeg har et instinkt som aldri narrer mig der. […].’
Randi og Åse så på hverandre. De var like, ikke bare i det at de var landsmenn. Om Åse ikke hadde brydd sig om å opfatte det før, skjønte hun det nu. Randi hadde forstått det hele tiden. Det var derfor hun hadde sagt at de burde være venner og være dus for de hadde spesiell grunn til det. Og andre ting hadde hun også sagt. Åse hadde ikke brydd sig om å opfatte det, men nu var der ingen vei utenom».(8)
Følelsers forvirring presenterer slik dei homoseksuelle som eit samfunn som overskrid landegrenser. Dei har evna til å lesa teikn som ingen andre forstår. At Åse og Randi kan snakke norsk i eit engelskspråkleg land, blir ein parallell til at dei båe er lesbiske. I denne romanen inneber det å vera homoseksuell å høyre til ein minoritet som er usynleg for alle som ikkje er del av minoriteten. Alt dette var også vanlege førestillingar om dei homoseksuelle, som iblant vart samanlikna med frimurarane. I tillegg insisterer Randi på at ho og Åse skal vera uformelle, medan Åse strittar imot. Dei har ulike livsprosjekt: Åse vil vera ein del av storsamfunnet, medan Randi vil leva utan skam som lesbisk.
Kranes roman var banebrytande ved at han forsvara menneskeverdet til ei utsett gruppe. Men for ein lesar i dag vil Følelsers forvirring verke heteronormativ.(9) Åse argumenterer for at den homoseksuelles problem ikkje er noko større enn alle andre, og dette blir ståande som bodskapen i romanen. Dmitri slår seg opp som kunstnar i Italia. Randi, på si side, døyr då ho blir påkøyrd av ein bil. Til sjuande og sist skisserer romanen berre desse løysingane for den homoseksuelle: sølibat, eksil og død.
Sveens sjølvkonfrontasjon
Ein forfattar som presenterer eit meir komplekst bilete av homoerotikk og homoseksuell subjektivitet, er Zieners inspirator Åsmund Sveen. I 1932 debuterte den 22 år gamle Sveen med diktsamlinga Andletet. Omslagsteikninga viser ein naken mann som skjermar seg for solljoset og skjuler andletet sitt med armen. Dei grove strekane i illustrasjonen skaper eit inntrykk av at mannen blir stukken, pint av solstrålane. Teikninga høver i og for seg med at Sveen blir omtala som eksponent for vitalismen, denne estetiske rørsla som prega mellomkrigsåra, og som la vekt på å dyrke maskulin livskraft, nakenheit og primitivisme.(10) Men samtidig peiker omslaget til debutsamlinga på eit leiemotiv i denne boka og heile forfattarskapen: Dyrkinga av sol, fruktbarheit og liv fører til både kroppsleg og psykisk smerte for det lyriske subjektet. Dikta til Sveen skildrar ofte den såre kjensla av å vera utestengd frå livets dans, men somtid også ein skjelmsk eller frydefull trass over å vera annleis og ikkje fylgje dei same spelereglane som alle andre.
Om Andletet skreiv kritikaren og den seinare litteraturprofessoren Rolv Thesen: «Det er elles inga diktsamling, dette. Det er eit einaste dikt heile boka.»(11) Diktsamlinga er nesten like mykje forteljing som ho er lyrikk. I det fyrste diktet vaknar det lyriske subjektet til vårens varmande ange. Etter kvart møter han, og elskar med, den mystiske kvinna «Urga». Kva namnet kan tyde, er ope for spekulasjon: ur-kvinna? den skapande (jf. «demiurg»)? eit naturens brøl? eller ein innforstått referanse til omgrepet Urning, som i dåtidas tyske homokamp vart brukt om homoseksuelle?
Korleis det enn er, slepper dikt-eget taket i Urga – han tek til å hate denne mystiske kvinna og erfarer at våren og naturen slett ikkje vil han vel. I eit dikt som startar med verslina «Guten låg i graset», som altså Øystein S. Ziener skulle alludere til, blir så å seia heile tematikken i debutsamlinga oppsummert. Ein gut ligg halvnaken på ei grasslette, omkransa av høge tre og ein mørk skog. Han lèt seg kjærteikne av solstrålane og rusar seg av angen frå gras og blomar. Men samtidig nærmar ein mørk mann seg sakte frå skogen. Mannen observerer guten som nærmar seg eit erotisk klimaks, og diktet sluttar illevarslande:
Guten rakna or rusen og halvt reis,
og det var angest i augo hans,
og solfingrane kvarv –
og alle dei blodraude blømer
Då var det at skuggen åt mannen fall
over guten – (12)
Det halvnakne i dette diktet er ikkje berre guten som ligg og solar seg i kåtskap, men også allusjonane og biletspråket som kan alludere til samtidas brokete forståingar av homoseksualitet. Mannen som kjem inn frå skuggen, kan vise til dei homoseksuelle, som vart knytte til samfunnets skuggeside. «Angesten» og det at guten blir observert under ein orgasme, kan symbolisere ei valdtekt eller eit overgrep. At unge menn kunne bli homoseksuelle som resultat av meir eller mindre friviljug omgang med eldre menn, var nettopp noko ein frykta. Berre det at to menn møtest i ein erotisk situasjon, vil få mange til å lesa diktet som homoerotisk. Ser vi på den samtidige kritikken av Sveens debut, finn vi at i alle fall kritikaren Paul Gjesdahl las homoerotikk inn i samlinga. Han skildrar tematikken i Andletet som «en erotisk hunger som snart søker tilfredsstillelse hos kvinner, snart hos menn og snart i ens egen syke og ensomme fantasi».(13) Samtidig er diktet fleirtydig nok til at det ikkje treng å tyde det.(14)
Min påstand er at den tvilen som diktet dimed bidreg til å etablere, i seg sjølv skaper ein effekt av homoseksualitet fordi nettopp det å ikkje vera i stand til å fastsetja ein eintydig definisjon av kva og kven som er homoseksuell(e), pregar debatten i samtida. Møtet mellom guten og mannen kan også tolkast som gutens konfrontasjon med seg sjølv som vaksen. Livslysta og den sunne erotikken han kjenner på i ungdomen, vil kanskje gli over i ei erotisk drift som samfunnet reknar som usunn, skadeleg og avskyeleg. Ei slik tolking peiker mot eit spegelmotiv som er heilt sentralt i homolitteraturen. I Andletet finn vi det fylgjande diktet:
Eg står og ser meg sjølv i spegelen
i skuminga på atelieret,
og eg veit ikkje kva eg er mest redd –
halvmørkra eller meg sjølv –
Så – det er slik eg ser ut –
Berre skuggar og skuggar innover heile andletet –
Og augo to sløkte glør
som eg veit om – langt, langt inni spegelen ein stad –
Og håret – det er så reint for stort –
Det er så stort at det går tvers igjenom spegelen.
Det hekk utanpå spegelen i store, svarte tafsor –
Men munnen – munnen er verst –
Han er eit stort, svart hòl inngjenom spegelglaset –
Og heile resten av andletet vert borte i hòlet,
han syg i seg heile resten av andletet –
– Det er ein herleg munn –
Han syg i seg heile spegelen –
eg kysser han – eg kysser han – (15)
Begjæret er retta mot ein person av same kjønn, ein dobbeltgjengar produsert gjennom narsissistisk spegling. Nettopp narsissisme var eit sentralt omgrep i den psykoanalytiske forståinga av likekjønna begjær.(16) At andlet og spegelbilete er eitt og det same, byggjer opp under ein narsissismetematikk, men også ein dobbeltgjengartematikk. Også dobbeltgjengaren er eit vanleg motiv i homolitteraturen for den angstfylte erfaringa av å elske nokon av eige kjønn. Det lyriske subjektet nærmar seg spegelbiletet sitt og roper ut «eg kysser han» – der hankjønnspronomenet som grammatisk viser til «munnen», får alludere til ein erotisk partnar av hankjønn. Tankestreken i slutten av diktet kan representere det unemnelege begjæret – kjærleiken som ikkje vågar å uttala namnet sitt. Omtala av kysset blir avbroten, noko som viser korleis den retoriske manøveren med å unngå å nemne noko paradoksalt kan setja det unemnelege i relieff.(17)
Karrieren til Åsmund Sveen skulle slutte på tragisk vis. I 1940 melde han seg inn i Nasjonal Samling, og under andre verdskrigen arbeidde han mellom anna som byråkrat i Kulturdepartementet. Grunnen til at Sveen tok dette valet, er ikkje klår, og dess meir uforståeleg kan det verke i og med at han hadde mannleg sambuar. Han fekk ikkje gjeve ut fleire diktsamlingar i si levetid, men samlingane Brunnen (1963) og Tonemesteren (1966) kom ut posthumt. Mange av dikta i desse utgjevingane tematiserer skuld, utanforskap, straff og forfylging. Her er det vanskeleg å oversjå allusjonane til både seksuell og politisk utanforskap, i for eksempel diktet «Avkjøme»:
Kan slekter bløme fram or desse lender?
Av dei gror skarntyde.
Eg bær eit barn i hjartet mitt,
eg slår det dag og natt.
Eg græt med tillitsfulle augo,
eg bit skuldlause lipper til blods.
Å menneske, eg tryglar dykk,
ver einfelte og sterke som vårdagen over åkrane!
La slekter springe fram!
Mann, yngling – bland deg med kvinneblod!
Gi sjelene avkjøme.
La born yrja opp or molda
med himmelske voner i små hender
og lær dei forgjenglegdomens språk!
Men sjå ikkje bort til meg.
Hjå meg græt eit barn
i graset.(18)
Fleire gonger i forfattarskapen kjem Sveen attende til dette merkelege motivet: Eit presumptivt mannleg lyrisk subjekt er gravid med eit barn, men barnet er giftig, valdeleg eller på anna vis knytt til det vonde. Skarntyde er ekstremt giftig, men kvifor vel Sveen akkurat denne planta som representant for det skadelege? Kulturhistorisk er skarntyda kjend som hovudingrediensen i giftbegeret Sokrates måtte tømme. Den greske filosofen vart klaga for å forderve ungdomen og forstyrre ro og orden i Athen gjennom ubehagelege spørsmål. Sokrates var også eit viktig førebilete i den tidlege homorørsla i kraft av å ha vore ein kjend pederast i vestleg kulturhistorie. Igjen har vi å gjera med ein allusjon som saman med den kjønnsoverskridande mannlege graviditeten kanskje, men ikkje nødvendigvis, peiker mot homoerotikk.
Der den fyrste delen av diktet er introspektiv, apostroferer det lyriske subjektet frå og med sjuande lina andre menneske og bed dei om å formeire seg – om å lyde det påbodet som subjektet sjølv ikkje greier. Særs slåande er oppmodingane «Mann, yngling – bland deg med kvinneblod!» og «La born yrja opp or molda», med tydeleg referanse til det nazistiske slagordet «Blut und Boden». Dei andre skal vera «einfelte og sterke», det vil seia leva etter livets impulsar, utan å grunna over dei. Kanskje skal ein lesa dette som eit uttrykk for korleis Sveen både har omfamna eit kontrollerande, ekskluderande system og kjent seg marginalisert av det same systemet. Denne masochistiske skildringa kan i alle fall etter mitt syn forståast som både internalisering av og protest mot heteronormativiteten. Den britiske litteraturforskaren Anna-Katharina Schaffner skildrar korleis Franz Kafka bruker nettopp masochisme for å opponere mot undertrykking, på ein måte som også er relevant for Sveens dikting:
«The masochist creates and thus, temporarily at least, masters scenarios in which technologies of disciplinary punishment, and that which induces fear and feelings of social disempowerment, are transformed into technologies of pleasure. Kafka’s eroticization of social relationships and suffering can thus be viewed in two ways: negatively as internalized hatred turned against the self, and positively as a bid for control.»(19)
Barnet som blir slege og ligg og græt i graset, saman med dei stadige formaningane av menn og kvinner, kan slik lesast som ein freistnad på å ta kontroll overfor den norma som utdefinerer det lyriske subjektet som livsudyktig. Estetiseringa av sjølvforakta blir her ein antisosial protest mot samfunnets forakt. Kanskje seier desse dikta, og Sveens forfattarskap generelt, også noko om kjensla av å bli avskriven som degenerert, sjuk, uynskt og trugande for samfunnet.
Naturleggjering og intertekstualitet
Då dei siste dikta til Sveen kom ut, hadde føresetnadene for den offentlege samtala om homoseksualitet endra seg i Noreg. Den rasehygieniske tenkemåten som danna grunnlag for mykje av homofobien i mellomkrigsåra, hadde vorte diskreditert gjennom det styresettet Sveen hadde slutta opp om. I 1965 deltok Kim Friele som ein av to homofile i NRKs fyrste program om fenomenet, De homofile og samfunnet, der også Karl Evang fortalde om opplysningsarbeidet sitt frå mellomkrigsåra. Det norske forbundet av 1948, forløparen til dagens FRI (Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald), kjempa for avkriminalisering og oppnådde å få fjerna § 213 i straffelova i 1972. Den politiske oppvakninga på 1970-talet opna for bøker som på meir ope vis tok opp homofili og kjønnslege normbrot.
I 1979 gav Gudmund Vindland(20) ut debutromanen Villskudd. Sangen til Jens. Dette er ei banebrytande fyrstepersonsforteljing som dreiar seg om hovudpersonen Yngve Vildes kamp for kjærleik og anerkjenning. Villskudd er dels ein nykelroman som byggjer på det stormfulle forholdet mellom forfattaren og Jens Bjørneboe – jamfør undertittelen. Hovudtittelen, derimot, er ein tydeleg allusjon til danske Agnete Holks lesbiske roman Et Vildskud frå 1941. I likskap med Kranes bruk av ein tittel frå Stefan Zweig, Zieners intertekstuelle referansar til Sveen, og Sveens referansar til antikkens kultur, viser dette at homolitteraturen er prega av nettopp intertekstualitet. Sitat, allusjonar og referansar blir i seg sjølve ein måte å byggje ein eigen tradisjon og eit eige språk for erfaringane sine på. Som litteraturforskaren Nils Axel Nissen har påpeikt:
«Homser og lesber blir i stor grad sosialisert gjennom bøker. […] litteraturen har hatt større betydning for utviklingen av den moderne homofile identitet enn den har hatt for noen annen minoritetsgruppe. Dette virker innlysende når man tar i betraktning at i motsetning til etniske, språklige og religiøse minoriteter er det ingen som blir oppdratt som homofil eller lesbisk».(21)
Denne boklege oppsedinga blir framheva i romanen. Også tittelen blir der knytt til at Yngve les ei bok som definerer homoseksualitet nettopp som eit naturens villskot. Trass i at denne metaforen er stigmatiserande, opnar han for å sjå den homofile ikkje som eit resultat av urban dekadanse, men som ein del av sjølve naturen.
Denne naturleggjeringa speler ei sentral rolle i romanen. Han opnar med at ein fortvila Yngve går ut til ein stein i skogen, steinen der han og kjærasten Magnus utforska seksualiteten sin i lag. Steinen og skogen representerer stader fjerna frå menneskeverdas fordømming, og står i særleg kontrast til den mørke kjellaren i kyrkja der dei to ungdomane går til ei sterkt konservativ konfirmasjonsundervisning.
Mot slutten av Villskudd blir denne kontrasten mellom det opne og det lukka intensivert. Yngve er plassert på ein psykiatrisk institusjon, og Magnus vitjar han som «en forhekset vekkelsesprins».(22) Magnus er no forlova og skal bli prest. Yngve skildrar korleis mannen han elskar, er lukka inne i seg sjølv:
«Ansiktet foran meg var magert, dratt og herja. Det var fullt av strenge rynker og beherska smerte. Det var gulhvitt med blå blodårer i og med den derre lodne larven av en bart – som et slags snyltedyr midt i trynet! Men det verste var øynene hans. Disse varme, djupe speilene som jeg hadde sett meg sjøl i så mang en gang. De var borte! Det var to mørke høl der de hadde vært – og på bunnen av disse høla, aller lengst inne, lå to svarte, blankpolerte steiner! Stikkende og kikkende – men stein daue! Jeg ble ikke redd. Jeg ble ikke fortvila. Jeg ble kald – og sint.»(23)
Spegling, det å granske eit sjukeleg andlet, og det å anerkjenne nokon andre som lik seg sjølv – desse motiva har vi sett fleire eksempel på ovanfor. Men eit interessant særtrekk ved Villskudd er at vi endeleg får skildra denne speglinga frå synsvinkelen til ein karakter som nektar å la seg kue. Det er ikkje den homofile mannen som vil leva ut legninga si, som er sjukeleg. Derimot er det Magnus, som prøver å rette seg etter heteronormative påbod, som blir sogen tom for alt liv og all varme. Dei to svarte steinane blir eit veikt ekko av møta mellom Magnus og Yngve i skogen. Heteronormativiteten går her fullstendig på tvers av alt som er naturleg og sunt.
Det bør seiast at denne romanen, som saman med oppfylgjaren Stjerneskudd (1989) står som ein klassikar i det norske homomiljøet, sluttar meir håpefullt. Når Yngve kjem ut av sjukehuset, flytter han inn i eit sosialistisk kollektiv saman med den nye kjærasten Øystein – namnesymbolikken er openbert knytt til «naturleggjeringa» av homofilien. Slik litteraturen frå mellomkrigstida bar preg av eit samfunn som desperat prøvde å definere «den homoseksuelle», skildrar romanane til Vindland 1970- og 80-åras kampånd i det homofile miljøet. Bodskapen her kan vanskeleg kallast «halvnaken», men skrivemåten er like fullt prega av sterke palimpsestiske samband.
Samanliknar vi Sveens og Zieners dikt med Vindlands roman, kan vi ana at sjangerforskjellar, så vel som tidsånda, speler ei rolle for homofiliens litterære språk. Der romankarakterar må plasserast i klåre relasjonar til kvarandre, har lyrikken ein sjangeridentitet som gåtefull, fleirtydig og antydande meir enn forkynnande. Like fullt anar vi at palimpsesten er grunnleggjande for homofiliens litterære språk. Det er ved å skode gjennom lag for lag med referansar og allusjonar at meiningsfylden kan oppstå for lesaren. Den halvnakne skrivemåten utgjer slik eit litterært språk for den kjærleiken som ein gong i tida ikkje kunne nemnast.
(1) Øystein S. Ziener, Fanga. Fanga i flukta, Aschehoug, 1992, s. 136
(2) Runar Jordåen, Inversjon og perversjon: Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960, ph.d.-avhandling i historie, Universitetet i Bergen, 2010, s. 201ff
(3) Torgeir Kasa og Karl Evang, «Homoseksualitet», i Karl Evang (red.), Seksuell opplysning, band 1, Tiden, s. 185
(4) Laure Murat, La loi du genre: Une histoire culturelle du «troisième sexe», Fayard, 2006, s. 316.
(5) Ein viktig referanse er likevel Jan Olav Gatlands Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur (Aschehoug, 1990). Sjå også litteraturlista elles
(6) Jan Olav Gatland, «Alf Martin Jæger», 2015. Lasta ned 23.4.2019 frå https://skeivtarkiv.no/skeivopedia/alf-martin-jaeger
(7) Gerd Brantenberg, På sporet av den tapte lyst: Kjærlighet mellom kvinner som litterært motiv, Aschehoug, 1986, s. 35
(8) Borghild Krane, Følelsers forvirring. Gyldendal, 1937, s. 99
(9) Jf. Lars Rune Waage, «Borghild Kranes Følelsers forvirring (1937) – en queer lesning av Norges første lesbiske roman», i Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift nr. 1/2012, s. 15.
(10) Sjå for eksempel Eirik Vassenden, Norsk vitalisme: Litteratur, ideologi og livsdyrking 1890–1940, Scandinavian Academic Press, 2012, og Dean Krouk, Fascism and Modernist Literature in Norway, University of Washington Press, 2017.
(11) Rolv Thesen, «To debutantar», i Arbeiderbladet, 30.11.1932.
(12) Åsmund Sveen, Andletet, Gyldendal, 1932, s. 29
(13) Paul Gjesdahl, «En ny dikter», i Tidens Tegn, 19.12.1932.
(14) At diktet kan lesast på heilt ulike måtar, fekk eg sjølv demonstrert då eg la fram mi lesing av det på eit seminar for ph.d.-studentar. Ein professor i litteraturvitskap var i den samanhengen sterkt ueinig i tolkinga og meinte at diktet ikkje hadde noko med homoerotikk å gjera i det heile.
(15) Sveen, 1932, s. 82–83
(16) Jf. Sigmund Freud, «Zur Einführung des Narzißmus», i Sigmund Freud, Anna Freud og A.J. Storfer (red.), Gesammelte Schriften von Sigmund Freud, band 6, Internationaler Psychoanalytischer Verlag, 1925.
(17) At avbrot og tagnad kan vera meiningsberande, er eit sentralt poeng for Eve K. Sedgwick i Epistemology of the Closet (University of California Press, 2008).
(18) Sveen, Brunnen, Cappelen, 1963, s. 18.
(19) Anna Katharina Schaffner, Modernism and Perversion. Sexual Deviance in Sexology and Literature 1850–1930, Palgrave Macmillian, 2012, s. 221–222.
(20) Namnet er eit pseudonym. Han har seinare skifta namn til Vindsun.
(21) Nils Axel Nissen, «Å lese for å bruke: Homoforskning, kjønnsforskning og litteraturvitenskap», i Hans H. Skei og Einar Vannebo(red.), Norsk litterær årbok 2000, Samlaget, 2000, s. 241.
(22) Gudmund Vindland, Villskudd. Sangen til Jens, Forfatterforlaget, 1979, s. 373.