Årets siste Vinduet er ute!

Landar i butikk 12. desember, med tiårsoppsummering og mykje meir til.

I Vinduet nr. 4/2019 vert det litterære 2010-talet halde opp mot lyset. Vilde Sagstad Imeland gjev oss ei kronologisk gjennomgang av den offentlege samtalens høgdepunkt (og lågmål), Marta Norheim sveipar gjennom dei klaraste tendensane og ei heil rekke forfattarar og kritikarar har svart på utfordringa om å peike ut det dei ser på som tiårets sterkaste (eller viktigaste) verk.

Fleire av tekstane i nummeret går også i djupna på bøker og tendensar som på ulike vis har vore med på å prege 2010-talet: Ulla Svalheim skriv om Kristina Sandbergs «husmor»-trilogi, Chigozie Obioma, ei av tiårets mest interessante nye stemmer, vert intervjua av Marius Emanuelsen, Carline Tromp skriv om avtrykket av Internett i samtidslitteraturen og Ellen Emmerentze Jervell vender blikket mot Emma Bess, Johanna Frid og Eline Lund Fjæren ­­– og mot seg sjølv, når ho ser på korleis desse forfattarane skildrar opplevinga av å vere ung kvinne på 2010-talet.

I serien med nyskrivne reiseskildringar, som har vore med på å prege Vinduet i 2019, presenterer me i denne utgåva forfattar og journalist Hanna Stoltenbergs skildring frå Beirut.

Også i dette nummeret: ein fyldig meldingsseksjon, nyskrive kunstessay av Mette Karlsvik, tekstar av Vibeke Tandberg, Ole Robert Sunde, Aasne Linnestå, Tore Stavlund, Susanne Christensen og Kristina Stoltz, jubileumsspalte – og meir til.

Full innhaldsoversikt under.

God lesing!

Innhald nr. 4/2019

Leiar
«Tronge fødslar»

Tidslinje
Vilde Sagstad Imeland samanfattar hendingane i 2010-talets litterære offentlegheit

Intervju
Marta Norheim i samtale med Vilde Alette Monrad-Krohn om dei litterære strømmingane på 2010-talet

Enquete
Kva var 2010-talets sterkaste verk?

Essay
Ulla Svalheim om Kristina Sandbergs husmor-trilogi

Bilete
«Tekstvevnad» av Mette Karslvik

Essay
Ellen Emmerentze Jervell om tre skandinaviske millennials

Essay
Carline Tromp om internett i og utanfor litteraturen

Intervju
Chigozie Obiama i samtale med Marius Emanuelsen

Samtale
Susanne Christensen og Kristina Stoltz om Leonora Carrington og Claude Cahun

Essay
Aasne Linnestå om Eldrid Lunden og Paal-Helge Haugen

Essay
Vibeke Tandberg om kunst og Herman Melvilles «Bartleby, the Scrivener»

Bokessay
Tore Stavlund om kyr og Michel Houellebecqs Serotonin

Essay
Astrid Fosvold om politisk dagsorden i dansk litteratur

Essay
Ole Robert Sunde om Odysseen og Ulysses

Reiseskildring
Hanna Stoltenberg i Beirut

Meldingar
Karoline Henanger om Theres Tungens «Kjærleik og det som liknar»
Solveig H. Lygren om Maja Lundes «Przewalskis hest»
Kasper Dam Nielsen om Mette Moestrups «Til den smukkeste»
Nora Joung om Hedda M. Robertsens «Cut Piece»

Jubileet, s.
John Freeman om poeten og bokhandlaren Lawrence Ferlinghetti