Vinduet 2/2018 i butikk!

Med tekstar om kropp, kjensler og kognitiv litteraturteori, VM-bøkene til Jon&Dag, AIDS-litteratur, ung tysk samtidslitteratur – og mykje meir.

Vinduet 2/2018 er i sal over heile landet frå 14. juni.At dette er same dag som fotball-VM sparkar i gang, vert markert med Nils Henrik Smith sitt essay om VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad og kva desse betydde for ein tretten år gamal fotballskribent in spe. Utgåva byr elles på tekstar om litterære framstillingar av aids-epidemien, ung tysk samtidslitteratur og minnestadene etter 22. juli – mellom anna. Fleire av tekstane kjem òg inn på samspelet mellom litteratur, kropp og kjensler.

Blant forfattarane det vert skrive om, finn me israelske Yoram Kaniuk, amerikanske Lidia Yuknavitch, ungarske Szilàrd Borbély samt norske Kjartan Fløgstad (som i år kan feire 50 år som forfattar).

I tillegg kjem ein enquete om krisa i Svenska Akademien, ein ekfrase av Ingvild Lothe, ei jubileumshelsing frå Audun Vinger, ein biletserie av Inga Sund Hofset, meldingar og meir til! Full innhaldsoversikt under.

 

Innhald

Leiar

Essay: «Jon & Dag, revisited» av Nils Henrik Smith. Om VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad.Vinduet_2_2018_forside

Essay: «Fortellingene som gav oss aids» av Nikolai M. Kleivan.

Reportasje: «Fornuft og følelser» av Erle Marie Sørheim. Om ung, tysk samtidslitteratur.

Manifest: «Ultraromantikk» av Leonhard Hieronymi. Eit litterært manifest.

Bilete: Inga Sund Hofset.

Enquete: Krisa i Svenska Akademien.

Samtale: Cary Wolfe, Mel Y. Chen og Jan Grue.

Bokessay: «Vegen innover» av Merete Røsvik. Om Yoram Kaniuks novellekunst.

Bokessay: «Å lese kan forandre kroppen din» av Ida Jackson og Mari Wold Sannerund. Om ei kroppsleg-kognitivt tilnærming til litteraturen.

Intervju: Lidia Yuknavitch.

Samtale: Gro Dahle og Marie Bergby Handeland.

Essay: «Ord, ord, ord, ord» av Heming H. Gujord.  Om Kjartan Fløgstads litterære debut i Vinduet 1968. 

Essay: «Farande frifant» av Eivind Myklebust. Om Kjartan Fløgstad som reisebokforfattar.

Oversetteressay: «De ubemidlede» av Éva Dobos. Om Szilàrd Borbélys De ubemidlede. 

Essay: «Du skal ikkje glemme!» av Jørgen Lund. Om minnekunst og -politikk etter 22. juli.

Ekfrase: «Inger» av Ingvild Lothe.

Meldingar: Carina E. Beddari om Orissabiblioteket 1-4, Karin Kukkonen om Siri Hustvedt og Mohamed Abdi om Steven Pinker

Jubileet: Audun Vinger om Tor Ulvens Gravgaver