Olga Tukarczuks kollasjroman «Løperne» sprikar i alle retningar, men gir nettopp ved det uttrykk for ei dominerande livskjensle i det seinkapitalistiske forbrukarsamfunnet.
Dette essayet sto på trykk i Vinduet 2/2019.
Her om dagen tok eg ein kaffi med ein mann som skildra den ultimate fridomskjensla: Å vere på veg til jobb, få auge på Flybussen, hoppe på på impuls og bestille flybillettar frå bussetet. Vi hadde på det tidspunktet kjent kvarandre i ei og ei halv veke. I løpet av samtalen var vi alt på veg vidare i kvar vår retning. Litt triste – litt letta.
I tidlegare periodar av frustrasjon og desperasjon har eg hatt ein låt på repeat i øyretelefonane kor refrenget går slik: «Only thing I ever do is fucking run away. Run away, run away, fucking run way. Run away, run away, fucking run away. Run away, run away, fucking run away. Run away, run away. If I die tonight, I’mma die runnin’. Problem keep coming, I’m runnin’ away. I’m runnin’ away (x 2)»(1). Motsetninga mellom rytmen i repetisjonen og innhaldet i teksten gir for meg perfekt uttrykk for kjensla av at flukta er det einaste mogelege og det einaste konstante, som den monotone uroa i motordur og slag mot skinnegangen.
Det er den største klisjeen av alle: at livet er som ei reise. I «Løperne» av Olga Tokarczuk – som eg berre nølande går med på å kalle ein roman, og i så fall ein hybridroman – blir sanninga i klisjeen konkretisert med refleksjonar rundt det ein, i vår vestlege livsstil, nesten må kalle den epidemiske trongen til å kunne kaste seg på eit fly når som helst, og til kor som helst. Når eg skriv denne artikkelen ferdig, sit eg sjølv på toget, med nytt yrke, ny sivilstatus, nytt blikk på livet – kort sagt: Westward ho!
Stillstand er fortaping
Tittelen «Løperne» viser til ei russisk religiøs sekt som hadde som dogme at stillstand var av djevelen; den som ville frelse si sjel, måtte vere i konstant rørsle. Det er som om Tokarczuk, samtidig som ho skildrar kjensla av å måtte røre på seg og oppleve noko nytt for å kjenne seg i live, også peikar på noko livsløgnaktig i denne trua på at det å forflytte seg fysisk er det som skal redde sjelefreden.
Om eg skulle peike på ein sjanger eller modell som verkar dekkjande for verket, måtte det vere kollasjen. Boka er sett saman av ei rekkje prosatekstar som er ulike på alle vis: i lengde, form og innhald, og er dermed så godt som umogeleg å samanfatte. Nokre av tekstane er klassiske fiksjonsforteljingar, nokre er essayistiske, nokre er berre korte, poengterte refleksjonar. Nokre tekstar er det nærliggjande å lese som sjølvbiografiske, til dømes deler den første eit barndomsminne om opplevinga av at den raskt rennande elva er edel og evig, medan det som står stille vil bli brote ned. Kanskje ikkje så rart at eg-forteljaren som seinare dukkar opp, stadig er på farten inn og ut av flyplassar og hotell?
I meir novelleliknande tekstar kan ein finne både klassiske, autorale forteljarar eller tredjepersonsforteljarar med indre synsvinkel. Tokarczuk framstår med andre ord som ein slags universalforfattar med eit enormt register – frå det historiske og encyklopediske til det moderne, fragmentariske. Flyplassen er sjølvsagt det kompositoriske og metaforiske samlingspunktet, og eit samanbindande element i romanen er ei rekkje tekstar om «Reisens psykologi», framført som forelesingar nettopp på ein flyplass.
Modellar av verda
Denne måten å innføre eit teoretisk nivå på, i ein stil som er både essayistisk og forteljande på ein gong, kan ein sjå i lys av det den amerikanske litteratur- og estetikkforskaren Sianne Ngai meiner er ein sterk tendens i modernistisk kunst: at kunst og kritikk går over i kvarandre, at kunsten også vil vere teori og tolke seg sjølv.(2) Heilt i tråd med dette finn ein hos Tokarczuk parti som forklarar kvifor romanen er utforma på fragmentarisk vis:
«Å stå på siden. Verden oppfattes bare stykkevis, noe annet enn det får vi ikke. Bare øyeblikk, smuler, midlertidige konfigurasjoner som knuses i biter så snart de får etablert seg. Livet? Noe slikt finnes ikke; det jeg ser er linjer, flater, geometriske legemer og forvandlingen de gjennomgår i tiden. Mens tiden fortoner seg som et greit verktøy til å måle disse forandringene, en skolelinjal med en forenklet skala – tre punkter bare: var, er, skal.»
Som parallell til denne verbale teoretiseringa av trongen til stadig å forflytte seg inneheld boka ei rekkje historiske kartillustrasjonar av så ulike objekt som dei lengste elveløpa i verda, parkar, bydelar og meir metafysiske storleikar, som Odyssevs’ 20 år lange heimreise. Det er ikkje alltid enkelt å finne informasjonen om kva karta eigentleg viser, men dei er visuelt slåande og styrkjer kjensla av at i den grad denne boka inneheld fiksjon, så finst det også mykje fiksjon som ein gong har blitt rekna som presise attgjevingar av røynda. Også karta er jo abstrakte modellar som skal gjere verda rundt oss gripbar, medan historia om sjølve kartlegginga av verda og verdsrommet, frå Kopernikus i 1542 og framover, er ein annan måte å kartleggje verda på i dette romanuniverset.
Kva tilfører teoretiseringa i Tokarczuks verk? Vel, det gjer i alle fall at romanen blir eit utprega intellektuelt prosjekt, ikkje ei historie å fortape seg i, men eit skarpt lys retta mot ein sjølv, mot samtida og alt som har drive utviklinga fram mot det punktet vi sjølv representerer: Trongen til å kartleggje og kontrollere verda frå høgaste fjelltopp til djupaste sjøgrop, frå ytste galakse til minste atom, og desperasjonen som oppstår når ein etter kvart støyter mot grensene – anten det er individet som oppdagar at livsrommet skrumpar inn, eller sivilisasjonen som er i ferd med å ta knekken på sitt eige livsgrunnlag.
Kunst som kritikk
Det er interessant å sjå at denne måten å setje saman ein romankollasj på, som dei siste åra har gripe om seg også i norsk samanheng, altså har eit førebilete frå 2007 som kom ut på norsk i 2012. Ikkje dermed sagt at norske forfattarar treng å kjenne til dette eller liknande verk for å ende med eit slikt formspråk. Rett nok er andre kunstnarar og intertekstualitet viktig inspirasjon for mange forfattarar, men samtidig trur eg på at fleire fangar opp og reagerer relativt likt på dei same impulsane i tida, anten det gjeld sjangerbrot og -blanding i serie- og biletmedium eller andre kunstformer.
Sianne Ngais påstand om kunst som vil vere kritikk, gjeld i endå større grad enn romanen for konseptuell kunst av ulike slag – frå Duchamps urinal til poesi som er rein sampling av eksisterande tekst. Ho forklarar tendensen som eit utslag av det «interessante» som eigen estetisk kategori: Ei stadig utvidande rørsle mellom det kjende og det ukjende som ho knyter til sirkulasjonen av idear og varer i den kapitalistiske samfunnsmodellen. Ho vil dermed seie at dei kunstnarlege uttrykka oppstår som reaksjonar på og kommentarar til dei ideologiske og materielle vilkåra vi lever under i det seinkapitalistiske forbrukarsamfunnet.(3)
Det er ei forklaring som ser ut til å passe også for «Løperne». At forfattaren er frå Polen, eit land som sender borgarane sine verda over som framandarbeidarar, turistar og akademikarar, legg til endå ein dimensjon til i kollasjen. Alt dette er modus kjenneteikna av å vere reisande ikkje berre i tid og stad, men i identitet, noko som ikkje minst blir tydeleg gjennom det å leve i språkleg eksil. I eit slikt perspektiv framstår det som direkte simplistisk å meistre berre eitt språk og éin livsstil. Som Tokarczuk vittig skriv:
«Det finnes land hvor folk snakker engelsk. Men de snakker ikke likt oss som har et eget språk skjult i håndbagasjen, i toalettmappen; vi som bare bruker engelsken underveis, i fremmede land, til fremmede folk. Det er vanskelig å forestille seg, men engelsken er deres virkelige språk! Ofte det eneste. De har ingenting å komme tilbake til, ingensteds å henvende seg i fortvilelsens øyeblikk. (…) Alle har ubegrenset tilgang til dem, hvor de enn måtte befinne seg, alle og alt. Det finnes planer om å verne dem, har jeg hørt, og kanskje til og med tildele dem et lite språk, et av de utdødde som ingen lenger har bruk for, så de kan ha noe bare for seg selv, noe eget.»
Gode forteljingar
Denne typen nedtona, intellektuell humor finst det mange døme på i boka, ikkje minst i dei meir skisseprega refleksjonane frå ulike reiser. Slik skil «Løperne« seg ut frå hybridformer eg har lese på norsk dei siste åra, ikkje berre kombinerer ho breitt kunnskapstilfang med subtil humor, i tillegg står den tradisjonelle forteljinga sterkt i miksen. Ein av dei beste tekstane er til dømes ei relativt tradisjonell novelle som nettopp har tittelen «Løperne». Slik ordet blir brukt i teksten, ser det ut til at ei kvinne som er uteliggjar, blir omtala som medlem av sekta med same namn. Det heng slik saman: Annusjka lever eit liv som utelukkande dreiar seg om å ta seg av ein sjuk son og ein deprimert ektemann i ei trong leilegheit. Ein dag i veka får ho avløysing av svigermora for å gjere ærend i byen. Men på den dagen vi får skildra, går ho ikkje heim om kvelden, men slår seg saman med ei kvinne som bur på gata og tigg på T-banestasjonen. Teksten kulminerer då Annusjka går amok og angrip ei jente til hest – og vi meir enn anar at ho identifiserer seg med dette dyret som er så hardt tøyla og tukta.
Denne historia om eit ganske så håplaust forsøk på å bryte ut er kontrastert av to andre forteljingar som skildrar kva det gjer med mannen Kunicki å oppleve at kona og sonen plutseleg forsvinn i tre dagar medan dei ferierer på ei øy. Og seinare: at kona nektar å gi han ei truverdig forklaring på korleis ho berre kunne forsvinne slik i tre heile dagar. For han blir det eit traume; ein demonstrasjon på at relasjonane som skulle feste han trygt til verda og livet, ikkje er til å stole på likevel. Også framstillinga lesaren får av historia, er full av hòl, noko som gjer teksten både uføreseieleg og open for tolking.
Tokarczuk krev ein vaken og tolkeviljug lesar. Ho famnar om ikkje alle, så imponerande mange av dei motsette behova knytte til reisa: På den eine sida trongen til stadig å vere i rørsle for å kjenne at ein lever. På den andre sidan trongen til å halde på det forgjengelege. Det siste kjem fram i dei nemnde karta, men også i ei rekkje tekstar som fokuserer på kunsten å konservere biologisk materiale. Den som tar mest plass, og som skil seg ut i boka ved sin retronostalgiske forteljestil, er «Historien til Philip Verheyen, nedtegnet av Willem van Horssen, hans elev og fortrolige». Det er forteljinga om den gåverike, anatomiske teiknaren som må amputere eit bein, og som får det bevart på sprit, og som resten av livet blir plaga av sterke smerter i dette beinet som ikkje lenger er ein del av kroppen. Denne og andre tekstar som nærmar seg same tematikk, viser fram det både eksistensielle og til dels groteske i vitskapen sin utforskartrong; korleis respekten for individet kan bli fortrengd av det faustiske vitebegjæret og trongen etter å gjere det umogelege: å bli herskar over dødskreftene.
Til oske, til støv
Det er lenge sidan eg har lese ein roman som i slik grad set fingeren på ei dominerande livskjensle i min generasjon. Eg seier «min generasjon», for «Løperne» kom ut på polsk i 2007, og kanskje kan ein seie at det som her blir skildra, alt er i ferd med å bli eit tilbakelagt stadium – gitt at ein miljømedviten skepsis til globetrottar-livsstilen no gjer seg gjeldande blant både yngre og eldre. Men for mange kan det blir hardt å omstille seg. For kva er det eigentleg vi gjer når vi bryt opp og reiser? På den eine sida er det å rive seg laus frå eit stilleståande liv og repetitive rutinar å kaste seg ut i det ukjende kor alt kan skje. Men det å søkje mot store rørsler og høg fart, kan også vere eit forsøk på å fortrenge tikkinga frå biologien; den trykkande kunnskapen om at kvar time i keisemd og stillstand likevel, og utan bøn, fører oss nærmare det punktet kor alt tar slutt. Kanskje er det å forflytte seg fysisk over store avstandar den tydelegaste manifestasjonen av det trassige livsmottotet, mest elegant uttrykt av Per Olov Enquist: Vi skal alle dø ein dag – men alle andre dagar skal vi leve! Leit fram låten «Zu Asche, zu Staub», kjend frå tv-serien Babylon Berlin, så får du den rette blandinga av livslyst og desperasjon som lydspor til reisa.
- RDGLDGRN: «Runnin Away» frå Red Gold Green LP 2, Polydor/Island, 2015.
- Merete Røsvik Granlund, «Kapitalismens små gleder», intervju med Sianne Ngai, Vinduet nr. 6/2016.
- Sianne Ngai, Our Aesthetic Categories. Zany, cute, interesting, Harvard University Press, 2015.