Haustnummeret er i sal frå 10. oktober.
I Vinduet nr. 3/2019 kan du mellom anna lese om Karl Ove Knausgård sitt etter kvart omfattande virke som kunstskribent, om Anna Kleiva si ferd gjennom den californiske ørkenen på jakt etter meir eller mindre letttilgjengelege kunstinstallasjonar, og om nye blikk på Edward Hopper sin kunstnarskap. Gunnhild Øyehaug skriv om sex, kiosklitteratur og den amerikanske forfattaren Mary Ruefle, og har dessutan gjendikta det som er «den beste teksten om sex som nokon gong er skrive», Ruefles prosadikt «Snø».
Det er, i det heile tatt, ei utgåve der dørene fører ut av, like mykje som inn mot, litteraturen. Øyvind Rimbereid har vitja Nasjonalgalleriet før det stengde dørene, med tre nyskrivne dikt som resultat. Kim Klev drøftar Linton Kwesi Johnson sitt forfattarskap, som er uløyseleg bunde saman med reggaekulturen og den musikalske arva frå Karibien. Espen Stueland ser på Carl Frode Tillers «Begynnelser», og argumenterer for at det økokritiske perspektivet som her vert lagt fram utgjer ei litteraturkritisk blindsone.
Også i dette nummeret: ein fyldig meldingsseksjon, biletserie ved Christian Tunge, jubileumsspalte og meir til. Sjå full innhaldsoversikt under!
Vil du abonnere på Vinduet? Gå hit! Einskildnummer kan kjøpast her.
INNHALD, Vinduet 3/2019
Leiar
«Natur og kultur»
Essay
Kåre Bulie om Karl Ove Knausgård som kunstkritikar
Dikt
Tre dikt av Øyvind Rimbereid
Essay
Espen Stueland om økolitteratur som ei litteraturkritisk blindsone
Bilete
Christian Tunge
Essay
Ian McEwan om lyst og litteratur
Essay, s. 54
Gunnhild Øyehaug om sex, kiosklitteratur og Mary Ruefle
Tekst
«Snø» av Mary Ruefle
Reiseskildring
Anna Kleiva i Californiaørkenen
Essay
Kim Klev om reggaepoeten Linton Kwesi Johnson
Essay
Johanne Fronth-Nygren ser på Edward Hopper med eit nytt blikk
Essay
Vilde Sagstad Imeland i Chicago
Meldingar
Jenny Moi Vindegg om Sophia Handlers «Fe»
Kasper Dam Nielsen om Thomas Brobergs «Africana»
Ingrid Flognfeldt Brubaker om Martin Ernstsens «Sult»
Elin Kittelsen om Karen Røise Kiellands «Å gå med Kølle»
Jubileet
Jenny Moi Vindegg om Øyvind Rimbereids «Solaris korrigert»