Populærkulturen har skjenkt oss mange knappe og uskuldsreine framstillingar av lesbiske par. Fan fiction-forfattarane gjev oss klinescenene me elles berre kunne ha drøymt om.
Denne teksten står på trykk i Vinduet nr. 2/2019. Bestill abonnement her!
Måndag 11. mars 2002 vart ein skilsetjande episode i serien «Once and Again» kringkasta på amerikansk fjernsyn. Episoden hadde tittelen «The Gay/Straight Alliance», og han dreia seg hovudsakleg om relasjonen mellom dei to tenåringsjentene Jessie Sammler (spela av Evan Rachel Wood) og Katie Singer (Mischa Barton). Gjennom sesongen hadde dei to utvikla ein nær venskap, og no, i den fjortande episoden i tredje sesong, kom klimakset. Jessie får greie på at Katie er skeiv, Katie fortel Jessie at ho (Katie) har kjensler for henne (Jessie), Jessie reagerer med vantru og er lenge forvirra over sine eigne kjensler, til slutt får dei snakka ut, Jessie skjønar at ho er forelska i Katie, det vert kyssing og famntak.
Dette var fyrste gongen ein amerikansk dramaserie synte to lesbiske kyss i ein og same episode – og det i beste sendetid. Éin tv-stasjon nekta å senda episoden, men mottakinga elles var god, og sjåartala var høgare enn vanleg.(1)
Dei neste episodane inneheldt scener som røpte at jentene heldt fram med å vera saman. Med andre ord: Romansen mellom dei var ikkje eit eksperiment avgrensa til den eine episoden. Det var ikkje tale om å bruka Jessie og Katie som åte og lokka til seg skeive sjåarar utan eigenleg å gjeva dei noko, såkalla queerbaiting. Kyssescena i «The Gay/Straight Alliance» var byrjinga på ein seriøs relasjon som serieskaparane ville bruka tid på, difor er det harmeleg at serien vart avslutta like etterpå på grunn av låge sjåartal og skral økonomi. Me kunne ha fått ein middag, men måtte nøya oss med forretten.
Samstundes, i ein norsk småby
Vinteren 2002 var eg ei fjorten år gamal skåplesbe med låg interesse for amerikanske tv-seriar. Eg var fullt oppteken med idrett, lekser, musikkskule og småsysken, og dersom eg hadde ledig tid, sat eg på rommet mitt og skreiv lange forteljingar med sjølvbiografiske drag. Hovudpersonen i forteljingane mine var som regel ei ung jente som var avstandsforelska i ei anna jente på skulen, og det enda alltid med at jentene vart saman. Ofte heldt dei relasjonen sin løynd ei stund, men så stod dei fram med brask og bram, til dømes ved å råklina midt i skulegarden i storefri.
Eg hugsar at det var svært tilfredsstillande å skriva desse «koma ut»-passasjane. Av ein eller annan grunn kjendest det som ein søt hemn når det skeive paret overraska streitingane med kjærleiken sin, slengde han i fleisen på dei heilt utan førevarsel. Dei fiktive medelevane i skulegarden vart sjølvsagt forfjamsa: Dei stirde og gapa og var imponerte over at den litt blyge hovudpersonen hadde fått ei så fin dame på kroken.
Slike triumf-scener dukkar opp i streite kjærleikshistorier òg, til dømes finst det mange variasjonar over temaet «den ukule jenta vert saman med den kulaste guten på skulen». Eg tykte like fullt at skeivskapen gav scena ein ekstra dimensjon, spesielt dersom ei av jentene (eller båe) hadde eit stereotypisk feminint kjønnsuttrykk og dimed vart teken for å vera hetero. Då var det ikkje berre sjølve relasjonen mellom jentene som vart avslørt, men òg ideen om at skeive jenter ser annleis ut enn «vanlege» jenter.
Eg hadde umåteleg stor glede av skrivinga – sant å seia har skrivegleda mi aldri vore så sterk og ukomplisert som ho var i denne perioden. Eg sat på jenterommet og gaula og song til deppebandet Kent og prøvde å skriva den litteraturen eg lengta etter å lesa. Ja, me kan i grunnen seia at den fyrste skeive litteraturen eg kom i kontakt med, var den eg skreiv sjølv som fjorten–femtenåring. Men eg tyrsta òg etter noko meir. Å lesa sjølvskrivne kjærleikshistorier er ikkje like spanande som å lesa tekster andre har skrive, og repertoaret mitt var som nemnt avgrensa. Det eg trong, var skjønnlitterære verk som skildra kjærleiksrelasjonar mellom kvinner.
Denne litteraturen fanst. Eg kunne til dømes ha lese Virginia Woolf. Karin Boye. Gerd Brantenberg. Sarah Waters. Anne Holt. Men det gjorde eg ikkje. Eg torde ikkje låna, kjøpa eller leita etter slik litteratur. Eg kunne jo verta avslørt som lesbisk, må vita! Seinsumaren 2003 greidde eg like fullt å fortelja foreldra mine at eg likte jenter, og då den katten var ute or sekken, kunne eg i det minste slå meg laus på den stasjonære, internett-tilkopla pc-en i stova.
Det var då eg oppdaga det: fan fiction. Fiksjon skriven av og for fans. Forteljingar med rot i eksisterande fiksjonsverk, forfatta av tilhengjarar som berre ikkje kan få nok av originalverket, og som difor diktar vidare, meir eller mindre fritt, og deler teksta med andre tilhengjarar. Allereie i 2003 var verdsveven full av slike forteljingar, og nokre av dei dreia seg om kjærleiksrelasjonar mellom kvinner. Eg vart hekta med det same og sat framfor skjermen kveld etter kveld og las side på side med lesbisk fan fiction. Teljarskritta fauk, men det gjorde ikkje noko – far min forstod at dette var viktig lesnad for meg, så eg fekk lov til å vera lenger på internett enn det som var fastsett i husreglane. Det hende at eg las historier om Willow og Tara frå «Buffy the Vampire Slayer», og eg meiner å hugsa at eg las om Agnes og Elin frå «Fucking Åmål» òg, men størsteparten av tida las eg om Jessie og Katie – to figurar frå ein amerikansk tv-serie eg ikkje hadde sett.
Unge amatørar
Fan fiction eller fanfic vert ikkje nett rekna som det ypparste av litteratur. Det er greitt nok, for dei fleste fanfic-forfattarar er amatørar som publiserer tekster på nett utan noka form for redaksjonell kvalitetskontroll. Dei er fans som fyrst og fremst skriv for andre fans. Det hender sjølvsagt at profesjonelle forfattarar skriv tekster baserte på eksisterande fiksjonsverk, som når Jo Nesbø legg Shakespeare-stykket «Macbeth» til grunn for ein kriminalroman (Aschehoug, 2018). Fanfic-forfattarar kan òg enda opp som «vanlege» forfattarar: Romanen «Fifty Shades of Grey» (2011) av E.L. James var i utgangspunktet fan fiction basert på «Twilight»-bokserien.(2)
Det er jamvel mogleg å argumentera for at fleire av dei største verka i verdslitteraturen er – eller grensar mot – fan fiction. Nemnde William Shakespeare tok ofte figurar og plot frå eksisterande verk og skreiv dei om eller bygde vidare på dei, noko som mellom anna gjeld «Romeo og Julie» og «Othello».(3) «Æneiden» av Vergil står i gjeld til «Iliaden» og «Odyseen» av Homer, og det er ikkje heilt gale å seia at «Den guddomlege komedien» av Dante Alighieri er eit tidleg døme på såkalla crossover (fan fiction som hentar figurar og miljø frå mange ulike verk) og self-insert (fan fiction der forfattaren skriv seg sjølv inn i fiksjonsuniverset).
Det aller meste av moderne fan fiction er like fullt skrive av amatørar. Me veit ikkje så mykje om desse forfattarane og lesarane deira, men dei få studiane som finst, tyder på at forfattarane er unge menneske spreidde over heile verda. Ei gransking frå 2011 synte at brukarane på nettstaden FanFiction.Net fordelte seg over minst 173 land.(4) Mange kom frå engelskspråklege område, men nettstaden hadde òg ei rekkje brukarar frå Filippinane, Frankrike, Brasil, Indonesia, Mexico, India og Tyskland. Svært få av brukarane – berre ti prosent – opplyste i profilen sin kva kjønn dei var, men av dei få som var opne om kjønnstilhøyrsla si, var 78 prosent registrerte som kvinner og 22 prosent som menn. Endå færre brukarar var opne om alderen sin. Av dei få som var opne, opplyste heile 80 prosent at dei var mellom 13 og 17 år. Gjennomsnittsalderen – om me skal tru granskinga – var 15,8 år.
Desse tala stemmer på ein prikk med mi eiga røynsle. Fanfic-lesinga mi var på sitt mest intense den hausten eg fylte 16. Historiene eg las, var stort sett skrivne av nordamerikanske jenter som etter alt å døma var på min eigen alder. Gjennom FanFiction.Net og liknande sider kom eg òg i kontakt med jenter frå andre delar av verda, til dømes Amina frå Serbia og Ana frå Brasil, som i ein periode var dei einaste menneska eg drøfta kjærleikslivet mitt med. Til liks med meg var dei unge og skeive, og nettopp dét kjenneteikna mange av dei som skreiv, las og kommenterte den typen fan fiction eg sjølv var hekta på. Dei var skeive jenter som var interesserte i å lesa om skeive jenter, og nokre av dei tok ansvar for å skapa desse tekstene me alle lengta etter.
Ja, for kven skulle elles gjera det? Dei mannlege fanfic-forfattarane var få (jf. statistikken ovanfor), og eg fekk ikkje inntrykk av at gutar skreiv eller gav respons på dei tekstene eg las. Dei streite jentene var heller ikkje ei kraft å rekna med: Dei lika best å skriva om skeive menn.
Slash versus femslash
Just dét er eit faktum som valdar hovudbry for dei som granskar og skriv om fan fiction. Eit stort fleirtal av fanfic-forfattarane er kvinner, og mange av dei likar å skriva skeiv fan fiction, men då dreiar det seg som oftast om romantiske eller seksuelle relasjonar mellom mannlege fiksjonsfigurar.
Denne typen tekster skal ha dukka opp allereie på 1970-talet, då (stort sett kvinnelege) «Star Trek»-fans skreiv dampande heite historier om Captain Kirk og Mr. Spock og publiserte dei i fanzinar.(5) Historiene vart gjerne omtala som K/S- eller Kirk/Spock-stories, og skråstreken (eng. slash) signaliserte at historia skildra ein romantisk og ofte seksuell relasjon mellom dei to heltane. Det skal vera grunnen til at slash fiction, slashfic eller berre slash vart den vanlege nemninga for denne typen historier. Ein liknande sjanger finst i japanske manga- og anime-miljø, der den overordna nemninga for kjærleikshistorier om mannlege figurar er yaoi, medan tilsvarande historier om kvinner vert kalla yuri. Slash er framleis svært populært, og på verdsveven finst det ei rekkje romantiske og erotiske forteljingar om til dømes Luke Skywalker og Han Solo, Harry Potter og Draco Malfang og Sherlock Holmes og John Watson.
Samla sett finst det fleire fanfic-historier om mannlege par enn om kvinnelege par, og sidan det i hovudsak er kvinner som skriv desse tekstene, kan me ikkje leggja skulda på breiale, mannlege forfattarar som helst skriv om seg og sitt.(6) Kva er det som gjer desse mann/mann-relasjonane så interessante for kvinner?
Svaret på det er nok samansett. Nokre har peika på at talet på mannlege hovudpersonar i filmar, seriar og liknande er mykje større enn talet på kvinnelege hovudpersonar.(7) Noko av årsaka til skeivskapen kan såleis liggja i sjølve tilfanget. Å finna eit fiksjonsunivers med to interessante mannlege figurar er ikkje nokon kunst, men å finna eit verk med to interessante kvinnefigurar er verre. Talande nok aukar den relative mengda med kvinne/kvinne-fanfic når det originale fiksjonsverket inneheld mange interessante og godt utbygde kvinnefigurar. Serien «Orange Is the New Black» og Harry Potter-universet er døme på det. (Hermine Grang har t.d. affærar med Narcissa Malfang, Lulla Lunekjær, Gulla Wiltersen, Bellatrix DeMons, Fleur Delacour og Petrea Parkasen.)
Det har òg vore hevda at kvinner synest det er meir pirrande å skriva om to menn enn om to kvinner. Hetero- og biseksuelle kvinner er sjølve tiltrekte av menn, og den homoerotiske fiksjonen gjer det mogleg for dei både å vera ein mann og å få ein mann – samstundes.(8) For mange lesbiske kvinner er sex med menn noko framandt som det kan vera spanande å utforska i fantasien.(9) I alle tilfelle opnar denne sjangeren for at kvinner kan gjera seg kjende med seksualiteten sin utan å måtta seksualisera kvinnekroppen og dimed seg sjølve. Dessutan kan det vera intellektuelt stimulerande for ei kvinne å skriva om relasjonar mellom menn: Ho som skriv, har full kontroll over mennene i forteljinga og kan vrida og vrengja på alt av kjønnsideal og maskulinitetsnormer.
Kvinner har såleis gode grunnar til å skriva om relasjonar mellom mannlege fiksjonsfigurar, men interessa for kvinnelege par ser likevel ut til å vera stigande. Grunnen er kanskje at tilfanget av kvinnefigurar jamt vert større? Slike romantiske eller erotiske historier om kvinner vert gjerne kalla femslash eller femmeslash (eventuelt f/f slash og Sapphic eller saffic, etter poeten Sapfo), til skilnad frå «vanleg» slash, som i utgangspunktet handlar om menn. Men slash vert òg nytta som overordna sjangernemning, til dømes kan me seia at femslash er ein undersjanger av slash fiction. Fan fiction-terminologien fylgjer såleis det same mønsteret som språket elles: Dei orda som tradisjonelt har vore nytta om menn, fungerer som generelle og nøytrale nemningar, medan dei kvinnelege nemningane er spesifikke og markerte og vert berre nytta om kvinner (jf. lærar–lærarinne).
Dei siste ti–femten åra har det òg vorte publisert mykje fan fiction der hovudpersonane er trans- eller intersexfolk, noko som har ført til endå meir debatt om korleis slash og femslash skal definerast.(10) Kan nemningane brukast om historier der figurane bryt med den binære kjønnsmodellen? Er det i det heile tenleg å ha ulike nemningar for ulike kjønn? Denne problemstillinga kjenner me att frå språkdebattar i samfunnet elles. Transrørsla utfordrar og omdefinerer etablerte omgrep som kjønn, kvinne og mann, og det får fylgjer for omgrep som byggjer på desse omgrepa, til dømes homo, hetero og lesbisk – og slash og femslash.
Fyller ut og spritar opp
Den typen fan fiction eg sjølv las som tenåring, var nettopp i ei slik sjangergråsone. Ikkje fordi eg las historier om transfolk, for det gjorde eg ikkje: Eg visste ingenting om trans og snubla heller ikkje over tekster om temaet, så denne sida av fanfic-verda var ukjend for meg og er det i stor grad enno. Derimot las eg mange historier om kvinnelege fiksjonsfigurar som var skeive i det originale verket, til dømes Jessie/Katie, som vart saman i den nemnde serien «Once and Again» (1999–2002), og Agnes/Elin, som vart saman i filmen «Fucking Åmål» (1998).
Det er usemje om korleis denne typen fan fiction skal kategoriserast. Han skil seg nemleg frå den opphavlege og vanlegaste forma for (fem)slash, som går ut på å skildra romantiske eller erotiske relasjonar mellom likekjønna figurar som ikkje har nokon slik relasjon i det originale verket, jamfør Harry/Draco og Hermine/Lulla frå «Harry Potter».
Eg synest det er rimeleg å skilja mellom par som tydeleg er dregne mot kvarandre i originalverket, og par som ikkje er det, for materialet slash-forfattaren har å arbeida med, er temmeleg ulikt i dei to tilfella. Dersom det i utgangspunktet ikkje er nokon kjærleiksrelasjon mellom figurane, har forfattaren eit stort felt å boltra seg på. Hen kan skriva inn erotiske undertonar i scener som opphavleg var frie for slikt, og hen kan sjølv avgjera når figurane vart tiltrekte av kvarandre, korleis det gjekk til, kven som tok det fyrste steget, og så bortetter. Dersom dei to figurane er bitre fiendar i originalverket, er det særskilt mykje å ta tak i.
Dei som skriv om figurar som er dregne mot kvarandre i originalverket, har i nokon mon den same fridomen. Det er fullt mogleg å ta figurane Elin og Agnes – som i «Fucking Åmål» er tenåringar i småbyen Åmål – og setja dei inn i eit alternativt univers. Til dømes: «Elin og Agnes møtest for fyrste gong som 30-åringar på pridefestival i Stockholm.» Eller: «Verda har gått under, og Elin og Agnes er dei einaste attlevande menneska.» Eller for å ta ei autentisk Jessie/Katie-historie frå FanFiction.Net: «Jessie and Katie’s lives change forever when two deceased spirits [take] over their bodies during a hypnotism.»(11) I slike tilfelle står forfattaren fritt til å skapa scener og miljø sjølv.
Det er likevel vanleg at fanfic-forfattarar som skriv om figurar som er dregne mot kvarandre i originalverket, tek utgangspunkt i den originale historia og fyller ut hòla i framstillinga. Då får me historier av denne typen: «Kva tenkte X og Y i den og den scena?» «Kva hende etter at dei sette seg i bilen og køyrde til …?» Ulike typar framhald av originalhistoria – såkalla futurefic – finst òg: «X og Y – eitt år seinare.» «X og Y flytter saman.» «X og Y gifter seg.»
I slike original-nære historier er handlefridomen til forfattaren meir avgrensa. Miljøet, persongalleriet og hendingsgangen er i stor grad fastsett og må takast omsyn til. På nokre punkt kan fanfic-forfattaren gå lenger enn skaparen av originalverket, til dømes når det gjeld skildringar av seksuelt samkvem. I ein familievenleg serie som «Once and Again» hadde det vore svært upassande med scener der Jessie og Katie tungekysser heftig eller ligg med kvarandre for fyrste gong. I fanfic-verda går det derimot heilt fint: Reglane og normene i den kommersielle underhaldningsindustrien gjeld ikkje der.(12)
Den avgrensa handlefridomen til fanfic-forfattaren treng ikkje vera noko minus. Stundom vil me berre ha meir av det same. Stundom kjem me over eit fiksjonsverk med eit par me likar godt, og så vil me sjå meir av dette paret. Me vil ikkje ha uventa parkonstellasjonar og fikse plot. Originalverket er fint, det – me vil berre ha meir. Og her trur eg at det er ein grunnleggjande skilnad mellom skeive og streite.
Sveltefôra skeivingar
Den som er hetero, kan meiska seg med bøker, filmar, seriar og blad der heterokjærleiken blømer. Sjølvsagt kan det verta for mykje av det gode, og sjølvsagt kan strukturar og mekanismar gjera heterolivet ufritt og leitt, jamfør alle dei streite kvinnene som med glede og ihuge skriv homoerotisk fan fiction og etter alt å døma opplever det som frigjerande. Poenget står likevel fast: Heterokjærleiken er overalt, det er plent umogleg ikkje å sjå han.
Skeive folk har på si side vore nøydde til å leita etter framstillingar av skeiv kjærleik, som regel utanfor allfarveg. Eg skal ikkje svartmåla stoda heilt, for ho betrar seg jamt: Tilfanget aukar år for år. Det siste tiåret har framstillingane vorte så mange og så synlege at leitearbeidet så smått kan trappast ned, til dømes har filmane «Carol» (2015), «Moonlight» (2016) og «Thelma» (2017) og seriane «Orange Is the New Black» (2013–2019) og «Skam» (2015–2017) fått mykje positiv merksemd og brei omtale i media. Men i 2003 var i alle fall eg temmeleg desperat, og kvar gong eg fann eit stykke lesbisk kjærleikshistorie, sat eg og saug på det så lenge eg kunne, jamvel om det ikkje var prima vare.
“Once and Again”, til dømes. Det er ikkje stor kunst. Det har eg aldri tykt heller. Ein eller annan gong hausten 2003 greidde eg å finna ei nettside der nokre klipp frå serien låg ute, og eg såg alt då at scenene med Jessie og Katie hadde noko sukkersøtt og truskuldig over seg. Likevel elska eg å sjå desse scenene om att og om att parallelt med at eg las utfyllande fanfic-historier. Det var heilt perfekt. Det å kunna sjå at fiksjonsfigurane i originalverket heldt kvarandre i handa, kyste og sende einannan lengtande augnekast, var noko av det som gjorde fan fiction interessant for min del. Kombinasjonen av levande bilete og supplerande tekst var mestsom heile poenget.
Å lesa historier om jenter eller kvinner som ikkje var interesserte i kvarandre «på ordentleg» (d.e. i originalverket), var eg mindre interessert i, for slik dikting og fantasering dreiv eg med sjølv, heile tida. Eg dikta at kvinner på film og fjernsyn var skeive, eg dikta at folk på fotballaget mitt var skeive, og i ein norsktime på ungdomsskulen dikta eg meg sjølv inn i novella «Heretter følger jeg deg helt hjem» av Kjell Askildsen, sånn at det var eg som stod i skogen og venta på ei jente som eg hadde noko på gang med. Å dikta det skeive inn i det streite var for meg ei naudløysing – det var i alle fall ikkje like moro som å få det skeive servert i rein og fiks ferdig form. «Once and Again» innfridde på det punktet. Eg trong å sjå at to jenter av kjøt og blod var dregne mot kvarandre, og det fekk eg.
Denne trongen minka etter kvart som eg vart eldre og kom heilt ut or skåpet og fekk kjærast sjølv. Trongen til å sjå og lesa om skeiv kjærleik er her enno, men no har eg ei rekkje bøker, seriar og filmar som stiller svolten. Tyder det at eg har vakse frå fan fiction-en?
Ikkje heilt. I arbeidet med denne artikkelen kom eg over ei «Fucking Åmål»-basert historie som var såpass medrivande at eg ikkje fekk ro på meg før eg hadde lese henne ferdig.(13) Og i fjor kom det ut eit verk som verkeleg lukkast med å gjera det streite skeivt: I boka «Ibsen: Etter mørkets frembrudd» (2018) finn me eit knippe homoerotiske noveller som tek utgangspunkt i stykke av Henrik Ibsen.(14) Her vert fru Beate fingra av Rebekka West («Rosmersholm»), advokat Helmer og doktor Rank er elskarar («Et dukkehjem»), Asta Allmers er ikkje-binær, Rita Allmers er bifil («Lille Eyolf»), og så bortetter. Strengt teke er ikkje dette fan fiction, for tekstene har vore handsama av ein redaksjon, dei er skrivne av «vanlege» forfattarar og er utgjevne i bokform. Men om me ser på tekstene isolert, er dette slash av fyrste klasse.
1. Sarah Warn, «’Once and Again’: The Best Show You Never Watched», artikkel på AfterEllen.com 18.3.2002, https://www.afterellen.com/tv/5579-once-and-again-the-best-show-you-never-watched]
2. Jf. artikkelen «Fifty Shades of Grey» på Wikipedia (engelsk). (Vitja 28.4.2019)
3. Frå Britannica sin artikkel om kjeldene til Shakespeare. https://www.britannica.com/biography/William-Shakespeare/Shakespeares-sources]
4. «Fan Fiction Demographics in 2010: Age, Sex, Country», FFN Research 2011. http://ffnresearch.blogspot.com/2011/03/fan-fiction-demographics-in-2010-age.html
5. Her stør eg meg til artikkelen «Slash fiction» på Wikipedia. (Vitja 17.4.2019)
6. Ei lita utgreiing om overvekta av kvinnelege fanfic-forfattarar og -lesarar finst m.a. her: https://www.bustle.com/articles/124101-5-things-you-should-know-about-slash-fiction
7. Argumentet om få interessante kvinnefigurar er m.a. nemnt i Wikipedia-artikkelen «Femslash» (vitja 17.4.2019), i artikkelen «Fan/tastic Voyage», i Bitch Magazin, 2003 [https://web.archive.org/web/20090215150953/http:/bitchmagazine.org/article/fan-tastic-voyage] og i artikkelen «Fanfiksjonsrevolusjonen» i Under Arbeid 7.10.2017: http://underarbeid.org/kultur_detaljer.php?id=10].
8. Melissa Jean Herzing, The Internet World of Fan Fiction, mastergradsavhandling ved Virginia Commonwealth University, 2015, s. 15. https://core.ac.uk/download/pdf/51291784.pdf
9. Ibid.
10. Fanfic med transtema finst m.a. i gruppa «Transgender Fanfiction» på FanFiction.Net. https://www.fanfiction.net/community/Transgender-Fanfiction/125309/
11. «Deja Vu» (sist oppdatert: 15.5.2013): https://www.fanfiction.net/s/5617505/1/Deja-Vu]
12. Ei slik sexscene finn me t.d. i kapittel 18 i Jessie/Katie-historia «All Over Me» (sist oppdatert: 14.5.2008). Forfattaren vel å ta livet av Katie rett etterpå, noko som har vekt sterke reaksjonar, jf. kommentarseksjonen. https://www.fanfiction.net/s/3984569/1/All-Over-Me
13. «Travelled So Far» (sist oppdatert: 22.4.2011). https://www.fanfiction.net/s/6533927/1/Travelled-So-Far
14. Anna Nafstad og Martine Johansen (red.), Ibsen: Etter mørkets frembrudd, littMELK 2018. Forfattarane er Hilde Susan Jægtnes, Mikkel Øyen, Maia Kjeldset Siverts, Erik Eikehaug, Namra Saleem og Siri Broch Johansen.