Lansering av Vinduet 2/2019

rosenbusch

Velkomen til lansering av  Vinduet sundag 16. juni, under litteraturdagen på årets Oslo Pride!

Vinduet nr. 2/2019 er i heilskap vigd litteratur med eit skeivt perspektiv. Til lanseringa møter forfattar Ylva Wærenskjold og forfattar og kurator Bjørn Hatterud Vinduet-redaktør Maria Horvei til ein samtale om litteraturen eigentleg kan vere «skeiv», om litterære førebilete og ei aldri så lita samtidsanalyse. Dei to vil òg lese frå nyskrivne tekstar som står på trykk i det nye Vinduet.

Tid og stad: Sundag 16. juni kl. 16.30, på Pride House på Youngstorget i Oslo. 
Facebook-arrangement her!

Arrangementet skjer i samarbeid med Oslo Pride, og etter lanseringa er det mogleg å gå rett vidare til ein forfattarsamtale med Gerd Brantenberg og Gudmund Vindsun – som begge også er intervjua i nummeret.

Den nye utgåva av Vinduet er i butikk frå 13. juni, og inneheld tekstar om homofiliens språk i norsk litteratur, om forsøk på å finne seg sjølv i litteraturen, om lesbisk fan fiction, om Sapfo og Orfevs og endå meir til.

Vel møtt!