Pride-året 2019 vert markert med eit temanummer om skeiv litteratur.
I juni 2019 er det 50 år sidan ei politiransaking av utestaden Stonewall Inn i New York utløyste dei opptøyene som skulle bli til starten på den moderne, verdsomspennande rørsla for LHBT-rettar og Pride. Vinduet markerer jubileet med eit temanummer om skeiv litteratur – som eit lite bidrag til å kaste lys over kva rolle litteraturen har spelt i norsk LHBT-historie, og for å undersøke ei lita promille av dei problemstillingane det skeive perspektivet opnar opp for.
Nummeret er i butikk 13. juni, og vert lansert under under Oslo Pride, sundag 16. juni kl. 16.30.
Av innhald finst det er eit historisk overblikk over dei fyrste uttrykka for homofili i norsk litteratur, essays av mellom andre Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun, Rebecca Scherr og Carina E. Beddari og skjønnlitterære bidrag av Ylva Wærenskjold og Marjam Idriss. Her er også fyldige forfattarintervju med Gudmund Vindland, Gerd Brantenberg, Mona Høvring og Eileen Myles, bokmeldingar, biletserie og mykje, mykje anna. Sjå komplett innhaldsoversikt under!
Foto: Gudmund Vindsun, fotografert av Thomas Ekström.
INNHALD, Vinduet 2/2019:
Leiar
«I og utanfor boksen»
Essay:
Per Esben Myren-Svelstad om homofiliens språk i norsk litteratur
Intervju
Gudmund Vindland i samtale med Maria Horvei
Intervju
Gerd Brantenberg i samtale med Madeleine Gedde Metz
Bilete
FRANK
Prosa
«Lærer» av Ylva A. Wærenskjold
Essay
Kristin Fridtun om lesbisk fan fiction
Essay
Bjørn Hatterud om litterære førebilete
Essay
Carina E. Beddari om kjønnsidentitet i Mexico
Intervju
Mona Høvring i samtale med Vilde Alette Monrad-Krohn
Essay
Rebecca Scherr om James Baldwins Giovannis rom
Novelle
«Katri» av Marjam Idriss
Intervju
Eileen Myles i samtale med Eira Søyseth
Essay
Peter Astrup Sundt om den skeive Orfevs
Essay
Ulla Svalheim om Anne Carsons Sapfo
Meldingar, s. 120
Vilde Sagstad Imeland om «Confessions of the Fox» av Jordy Rosenberg
Marianne Gunderson om «Håkon» av Åsmund H. Eikenes
Muna Jibril om «Freshwater» av Akwaeke Emezi
Jubileet
Jan Olav Gatland om Alf Martin Jægers «Odd Lyng»