Velkomen til sleppfest for årets siste utgåve av Vinduet, tysdag 18. desember kl. 19.00, på Den gamle skobutikken i Oslo.
Det vert velkomstdrinkar, musikk på anlegget og ein ganske uhøgtidleg samtale om – hald dykk fast – Norsk Litteratur I Dag.
Program:
19.00: Opne dører og vin i glaset.
19.30: Minipanelsamtale mellom kritikarane Carline Tromp, Merete Røsvik og Vinduet-redaktør Maria Horvei, om «Norsk litteratur i dag».
Dette er det same temaet som sju forfattarar samla seg om i Vinduet 4/1968 – og som fire forfattarar samlar seg om 50 år seinare, i denne nyaste utgåva av Vinduet. På lanseringa kjem endeleg kritikarane til orde! Men dei må finslipe dei effektive spissformuleringane, for resten av kvelden vert det:
20.00: Open bar, sosialt samvær og moglegheit til å skaffe seg siste nummer av Vinduet.
Vel møtt!
Vinduet 4/2018 er i butikk frå 13. desember. Nummeret inneheld tekstar om eldre og nyare framtidsdystopiar, samtidsrapportar om Instragrampoeten Rupi Kaur, konspirasjonsnettverket Qanon og haustens feministiske antologiar, og dykk ned i både fortid og notid med Eldrid Lunden og Dag Solstad. Rune Christiansen, Ruth Lillegraven, Anna Kleiva og Anne Oterholm snakkar om norsk littertur, og Basma Abdel Aziz er intervjua i Berlin. Med mykje meir!
Bidragsytarar: Basma Abdel Aziz, Rumi Baumann, Eivind Buene, Carina E. Beddari, Ingrid Flognfeldt Brubaker, Eiler Nils Fleischer, Johanne Fronth-Nygren, Øivin Horvei, Karoline Henanger, Vilde Sagstad Imeland, Elin Kittelsen, Kim Klev, Ivar Kvaal, Cecilie Løveid, Kaja Schjerven Mollerin, Torbjørn Tumyr Nilsen, Eirik Traavik, Carline Tromp, Jenny Moi Vindegg, Kenneth Varpe, Oda Myran Winsnes, Elise Winterthun.
Bilete over: Eldrid Lunden fotografert av Ivar Kvaal.